Kristian Ottosen

Fødd: 15. januar 1921 Solund

Død: 1. juni 2006

Kristian Ottosen (15. januar 1921–1. juni 2006) var ein norsk sakprosaforfattar, motstandsmann og byråkrat.

Han vart fødd i Solund i Sogn og Fjordane, men flytta som ung til Bergen. Han tok examen artium (1940). Han kom etter kvart med i Theta-gruppen, som var ei motstandsgruppe i Noreg under den andre verdskrigen. I 1942 vart han arrestert. Han sat i ymse konsentrasjonsleirar. Han sat som Nacht und Nebel-fange i konsentrasjonsleirane Sachsenhausen, Natzweiler-Struthof, Dachau, Ottobrunn, Vaihingen og Neuengamme.

Etter krigen studerte han i Bergen, og vart leiar for Studentsamskipnaden i Bergen. Frå 1950 til 1979 var han leiar for Studentsamskipnaden i Oslo som i 1991 etablerte Kristian Ottosen-prisen. Han var sentral i «Ottosen-komiteen» som stod bak utgreiinga om for etablering av distriktshøgskulane (1969). Ottosen var òg pådrivar for etableringa av Statens lånekasse for utdanning. Han sat som styreleiar i NRK 1972-1979 og Nationaltheatret 1981-1989.

Boka Natt og tåke : historien om Natzweiler-fangene frå 1989 vart kåra til femte beste sakprosa-utgjeving etter andre verdskrigen i Noreg i emnet krigshistorie i radio-programmet Faktasjekken på NRK P2 15.juli 2017. Røystinga var eit samarbeid mellom Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening og NRK.

Utmerkingar

  • I 1994 vart han utnemnd til kommandør av St. Olavs Orden.
  • Arthur Holmeslands pris for sakprosa i 1996
  • Som pensjonist skreiv han ei rad grundige dokumentasjonar om norske krigsfangar og fangeleirane. For dette mottok han prisen «Fritt Ords honnør» (2004).
  • Studentsamskipnadens servicebygg ved Universitetet i Oslo, Kristian Ottosens hus, er oppkalla etter han.

Bibliografi

  • 1966 – Innstilling om videreutdanning for artianere m. v. (Oslo: Kirke-og undervisningsdepartementet) Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 1980 – Trygve Bratteli i tysk fangenskap 1942-1945 (Oslo: Tiden forlag) Tilgjengeleg i bokhylla.no  [Side 33-55 i boka Fred og trygghet, brød og frihet : festskrift til Trygve Bratteli på 70-års dagen, redigert av Herbjørn Sørebø]
  • 1981 – Forskningsbehov og formidlingsorganisasjon : innstilling (Oslo)
  • 1981 – Utdanning for oljevirksomhet : rapport fra et utvalg oppnevnt av Kirke- og undervisningsdepartementet 25. april 1980 (Oslo: Universitetsforlaget) . ISBN 8200706125 Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 1982 – Investering i kunnskap : studentøkonomi og utdanningspolitikk : innstilling fra et utvalg nedsatt av Studentsamskipnaden i Oslo (Oslo: Studentsamskipnaden i Oslo)
  • 1983 – Theta Theta : et blad fra motstandskampens historie, 1940-1945 (Bergen: Universitetsforlaget) . ISBN 8203166865 Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 1986 – Utredning om faglitteraturens stilling i Norge (Oslo: Norsk kulturråd)
  • 1989 – Natt og tåke : historien om Natzweiler-fangene (Oslo: Aschehoug) . ISBN 82-03-16108-1 Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 1990 – Liv og død : historien om Sachsenhausen-fangene (Oslo: Aschehoug) . ISBN 82-03-26077-2 Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 1991 – Kvinneleiren : historien om Ravensbrück-fangene (Oslo: Aschehoug) . ISBN 82-03-26078-0 Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 1991 – Festskrift for Ivar Mathisen på 70-års dagen 23.9.1991 (Oslo: OBOS) Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 1993 – Bak lås og slå : historien om norske kvinner og menn i Hitlers fengsler og tukthus (Oslo: Aschehoug) . ISBN 82-03-26079-9 Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 1994 – I slik en natt : historien om deportasjonen av jøder fra Norge (Oslo: Aschehoug) . ISBN 82-03-26080-2 Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 1995 – Studentdugnaden på Voss-Vik veien (Vik)  [Artikkel side 7-12 i tidsskriftet »Pridlao», årgang 12, nummer tre]
  • 1995 – Nordmenn i fangenskap 1940-1945 : alfabetisk register (Oslo: Universitetsforlaget) . ISBN 8200223728 Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 1997 – Nasjonalhjelpens fond for krigens ofre (Oslo: Aschehoug) Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 1998 – Redningen : veien ut av fangenskapet våren 1945 (Oslo: Aschehoug) . ISBN 82-03-22304-4 Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 2000 – Den annen verdenskrig (Oslo: Aschehoug) . ISBN 82-03-22452-0 Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 2005 – Motstand, fangenskap og frihet : erindringer 1940-45 (Oslo: Aschehoug) . ISBN 9788203232305
  • 2005 – Studentvelferd i vekst : førti år i studentenes tjeneste (Oslo: Studentsamskipnaden i Oslo)

Tekstar om Kristian Ottosen

  • 1991 – Festskrift til Kristian Ottosen på 70-årsdagen 15. januar 1991 (Oslo: Universitetsforlaget) Tilgjengeleg i bokhylla.no  [Redigert av Kjølv Egeland]
  • 2005 – Godtfolk : portretter av 28 vestlendinger (Bergen: Forlaget Livskunst)  [Tormod Valaker, forfattar]
  • 2005 – De skapte Norge (Oslo: Norsk Fakta Forlag)  [Rune Andersen med fleire, forfattarar]

Bakgrunnsstoff

Teksten er henta frå Wikipedia, lisensiert under CC-BT-SA