Kristian  Elster  d.y.
string(24) "Kristian_Elster_d.y..jpg" string(20) "Kristian_Elster_d.y."

Kristian Elster d.y.

Kristian Elster d.y. (fødd 17. mars 1881 i Trondheim, død 1947) var ein norsk forfattar, jurist og litteraturhistorikar.

Elster var fødd i Trondheim, men flytta som spebarn til Førde. I 1888 flytta familien til Oslo.

Elster vart cand. jur. i 1905 og var sekretær i landbruksdepartementet frå 1910. Den litterære debuten hans heitte Fortællinger og kom ut i 1907, medan romantriologien I lære, Landeveien og Mester vert rekna som gjennombrotet hans. Mange reknar Av skyggenes slegt (1919) som den viktigaste romanen hans. Til saman gav Elster ut bortimot 40 romanar, skodespel og forteljingar. Nokre av utgjevingane hans var skrivne under pseudonymet Onkel Hans.

Arbeidet hans som litteraturhistorikar er særleg knytta til verket Illustreret norsk litteraturhistorie, som kom ut i 2 bind 1923-24, og i ei utvida 6-bindsutgåve 1934-35.

Kristian Elster d.y. er son til forfattaren Kristian Elster d.e. og far til forfattar og kringkastingssjef Torolf Elster.

Han mottok diktargasje frå 1937. I 1941 vart han belønna med Gyldendals legat.

Bibliografi

Bøker

  • 1907 – Fortællinger (Kristiania: Aschehoug)
  • 1921 – Den ensomme ø : en fortælling om tre gutter (Kristiania: Aschehoug)
  • 1923 – Illustreret norsk litteraturhistorie. 1 : Fra Eddakvadene til Wergelandstiden (Kristiania: Gyldendal) Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 1924 – Illustreret norsk litteraturhistorie. 2 : Fra Wergelandstiden til vore dage (Kristiania: Gyldendal) Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 1928 – Spor som blev utslettet (Oslo: Aschehoug)
  • 1931 – Da jeg kom til anseelse : muntre historier (Oslo: Aschehoug)
  • 1931 – Skuespillerinden Johanne Dybwad : til belysning av realismen i skuespillerkunsten (Oslo: Aschehoug) Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 1935 – Illustrert norsk litteraturhistorie. 1 : Fra norrøn diktning til Ludvig Holberg (Oslo: Gyldendal) Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 1935 – Illustrert norsk litteraturhistorie. 3 : Wergelandstiden og det nasjonale gjennembrudd (Oslo: Gyldendal) Tilgjengeleg i bokhylla.no

I tidsskrift – eit utval

Bakgrunnsstoff

Litteratur

  • Kielland, Eugenia. Min venn Kristian Elster. Aschehoug, 1950

Teksten er henta frå Wikipedia, lisensiert under CC-BT-SA