Kristian Elster d.e.

Kristian Elster d.e.

Fødd: 4. mars 1841 Overhalla

Død: 11. april 1881 (40 år) Trondheim

Yrke: forfattar, litteraturkritikar, skribent, journalist

Born: Kristian Elster d.y.

Kristian Elster d.e.

Kristian Mandrup Elster (fødd 4. mars 1841 i Overhalla[1], død 11. april 1881 i Trondheim), var ein norsk forfattar og forstmann.

Elster vaks først opp i Overhalla, men i 1853 flytta familien til Førde i Sunnfjord, der far hans var sorenskrivar. 15 år gammal vart han send til Christiania for å gå på skule der. Det var meninga at han skulle bli offiser, men det gjekk ikkje – han var for nærsynt. I 1867 reiste han til Giessen i Tyskland og utdanna seg til forstmann. Frå 1869 budde han i Kristiania og skapte seg eit namn som litteratur- og teaterkritikar i Aftenbladet og Norsk Folkeblad. I 1873 var han nokre månader konstituert forstmann i Valdres og vart så tilsett som forstassistent i Søndre Trondhjems amt, med bustad i Trondheim. Der budde han til han døydde av lungebetennelse 1881.

Han var son til sorenskrivar Christen Christensen Elster og far til Kristian Elster d.y. Elsters gate i Oslo er oppkalla etter han.

Bibliografi

Bøker

  • 1872 – Om modsætningen mellem det vestlige og østlige Norge : ved tusindaarsfesten til minde om Norges samling som rige (Bergen: Eide) I fulltekst ved nb.no
  • 1898 – Samlede skrifter. 2 : Tora Trondal, En korsgang, En fremmed fugl, Kjell Horge (Kristiania: Gyldendal) I fulltekst ved nb.no

I tidsskrift – eit utval

Referansar

  1. «Kristian Elster». Norsk biografisk leksikon. 

Bakgrunnsstoff


Denne sida brukar materiale frå Wikipedia, lisensiert under CC-BY-SA

Emneord