Kjell-Ragnar  Berge

Kjell-Ragnar Berge

Fødd: 1957 Hyllestad

Kjell-Ragnar Berge (fødd 1957) er ein norsk lærar, krigshistorikar og forfattar. Han er fødd i Hyllestad og busett i Førde.
Han gjekk Befalsskolen for Feltartilleriet i 1977, gjorde teneste ved FA-bataljonen på Setermoen i 1978, og FN-teneste i Libanon 1979-80. Berge er utdanna adjunkt, og var i 30 år tilsett ved Hafstad vidaregåande skule i Førde. Frå 2016 er han frilans forfattar på heiltid med spesiell interesse for krigshistorie.

Han har gitt ut fleire bøker og har publisert mange artiklar om krigshistorie. I 1995 gav han ut Fronten er kysten! oversyn over tyske festningsverk i Sogn og Fjordane 1940-45.

Bibliografi

Bøker

  • 1991 – Måløy-raidet : commando-angrepet på Måløy 27.desember 1941 : ei historisk framstilling (Førde: Eige forlag)  [Medforfattar: Svein Borgundvaag]
  • 1995 – Fred og fridom : feiring av 50-års dagen for frigjeringa 8. mai 1945 : programskrift for arrangement 7. mai 1995 : Hyllestad kyrkje og Nesje fort (Hyllestad: Hyllestad kommune) I fulltekst ved nb.no
  • 1995 – Fronten er kysten! = «HauptKampfLinie ist die Küste!» : oversyn over tyske festningsverk i Sogn og Fjordane 1940-45 (Førde: Eige forlag) . ISBN 82-993475-0-5 I fulltekst ved nb.no  [Utarbeiding av kartskisser: Frode Nordeide]
  • 2003 – Havet tok : 78 forlis og skipsulukker i Sogn og Fjordane (Førde: Selja Forlag) . ISBN 82-91722-36-6  [Medforfattar Malvin Toft m.fl.]
  • 2005 – Krigsår : liv og lagnader i Sogn og Fjordane 1940-1945 (Førde: Selja Forlag) . ISBN 82-91722-46-3  [Medforfattarar: Grethe Eithun og Hermund Kleppa]
  • 2008 – Krigsseglarar (Førde: Selja Forlag) . ISBN 978-82-91722-95-5  [Medforfattarar: Malvin Toft, Hans H. Steinsund og Jens Brekke]
  • 2015 – Regiment 193 : fra Tyskland til Vestlandet langs norskekysten til Ishavsfronten 1940-1945 (Ankenesstrand: Forl. Kristiansen) . ISBN 978-82-92844-32-8
  • 2016 – Kystfort i kamp! : Batterie Egersund i kamp med Royal Navy 1944-45 (Tønsberg: Ares forlag) . ISBN 978-82-92938-51-5

I bøker – eit utval

  • 2011 – To levende og to døde : hva skjedde med «Brenning»? (Førde: Selja Forlag) . ISBN 978-82-8240-039-8  [Forfattar: Egil Ulateig. Inneheld og: Krigsbilete i Sogn og Fjordane i 1943 / Kjell-Ragnar Berge]
  • 2017 – Havet tok : 13 forlis og skipsulukker i Sogn og Fjordane (Førde: Selja Forlag) . ISBN 978-82-8240-125-8  [Red. av: Magnus Helge Torvanger. Denne boka er ei ny og sterkt utvida utgåve av Malvin Toft: Havet tok – 78 forlis og skipsulukker frå 2003]

I tidsskrift – eit utval

Kjelder


Teksten er henta frå Wikipedia, lisensiert under CC-BT-SA