Kjell Olson Råd

Nasjonalitet: Noreg

Fødd: 7. august 1923

Død: 6. juli 2006 (82 år)

Yrke: Bonde og forfattar

Sjanger: Roman og sakprosa

Kjell Olson Råd (7. august 1923–6. juli 2006) var ein norsk forfattar og bonde frå Breim i Gloppen kommune. Han skreiv romanar og lokalhistoriske bøker, mellom anna fleire bøker om stølar i Gloppen, Jølster, Stryn og Hornindal.

Den siste boka i rekkja om stølane i indre Nordfjord vart utgjeven etter at han døydde av kona hans, Karoline. Ho er tidlegare rektor ved Byrkjelo skole. Kjell Råd har fått kulturprisen for Gloppen kommune.

Bibliografi

Bøker

  • 2000 – Støylar i gamle Vereide sokn (Breim: K. Råd) . ISBN 82-994547-2-7
  • 2001 – Støylar i Helgheim sokn (Breim: K. Råd) . ISBN 82-994547-3-5
  • 2002 – Støylar i Ålhus sokn (Breim: K. Råd) . ISBN 82-994547-4-3
  • 2003 – Støylar i gamle Innvik og Utvik sokn (Breim: K. Råd) . ISBN 82-994547-5-1
  • 2005 – Setrar i Oppstryn og Nedstryn (Breim: K. Råd) . ISBN 82-994547-8-6
  • 2008 – Setrane i Hornindal (Breim: K. Råd) . ISBN 978-82-994547-9-7  [Utg. av Karoline Råd]

I tidsskrift – eit utval

Kjelder

Teksten er henta frå Wikipedia, lisensiert under CC-BT-SA