Kjell Bergfjord (fødd 1947) er ein norsk lærar, historikar og forfattar. Han er frå Lindås og busett i Vik kommune.

Bergfjord var i perioden 1975-1996 tilsett ved Vik vidaregåande skule, frå 1980-1996 som rektor. Frå 1996 var han assisterande administrasjonssjef i Vik kommune, seinare vart han oppvekstsjef. Bergfjord var studieleiar for lærarutdanninga ved Høgskulen i Sogn og Fjordane frå 2008.

Bibliografi

Bøker

  • 1989 – Amerikafeber : om likskapar og ulikskapar i utvandringsmønsteret i Sogn og Fjordane : rapport frå Utvandrarseminaret i Vik, 23. og 24. juni 1989 (Vik: Komiteen for utvandringsseminaret i Vik) . ISBN 82-992043-0-5 Tilgjengeleg i bokhylla.no  [Redaktørar: Kjell Bergfjord, Arne Inge Sæbø]
  • 1996 – Vik sparebank : ein 150-årig støttespelar i teneste for bygda og bygdefolket : 1846-1996 : 150 år (Vik: Vik sparebank) . ISBN 82-993829-0-4 Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 1997 – «Til jordbrugets ophjælp» : ei reise i soga til meieriet i Vik gjennom 100 år (Vik: Sogn og Fjordane meieri) . ISBN 82-994205-0-4 Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 2000 – Eit hamskifte i meierisamvirket : eit oversyn over soga til Sogn og Fjordane meieri frå 1985 til 1997 (Bryne: Tine meieriet vest) . ISBN 82-995611-0-8 Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 2002 – Frå praktisk jenteskule til regionalt kompetansesenter : ei reise i tid med Luster vidaregåande skule gjennom 125 år (Hafslo: Luster vidaregåande skule) . ISBN 82-996212-0-8  [På omslaget: Luster vidaregåande skule 125 år : frå praktisk jenteskule til regionalt kompetansesenter 1877-2002]
  • 2004 – Mjølk og meieri i ei skiftande tid : med Vestlandsmeieriet som aktør frå 1985 til 2002 ( Tine meieriet vest)

I tidsskrift – eit utval

Kjelder

Teksten er henta frå Wikipedia, lisensiert under CC-BT-SA