Karl Seglem

Fødenamn: Karl Seglem

Fødd: 8. juli 1961 (55 år)Årdalstangen, Sogn og Fjordane

Instrument: tenorsaksofon og bukkehorn

Aktive år: 1980 -talet og til i dag

Yrke: tenorsaksofonist, bukkehornist, komponist, poet og produsent

Plateselskap: NORCD

Nettstad: www.karlseglem.no

Karl Seglem (fødd 8. juli 1961 på Årdalstangen) er ein norsk musikar (saksofon og bukkehorn), komponist og plateprodusent. Seglem er kjend frå ei rekkje innspelingar med jazz og folkemusikk i kombinasjon og som leiar av sitt eige plateselskap, NORCD, sidan 1991.

Seglem vart utdanna ved musikklinja på Voss folkehøgskule (1978–80), før han i Bergen samarbeida med Arvid Genius, Jan Grieg kvartett, Kenneth Sivertsen (1980–92) og Knut Kristiansen på 1980-talet. Han leia og sitt eige orkester «Growl», skreiv for Jazznytt og var politisk aktiv i Foreningen norske jazzmusikere.

Som soloartist har han gjeve ut åtte album. Det lange samarbeidet hans med perkusjonist Terje Isungset har hatt form av duoen Isglem og trioen Utla der også hardingfelespelar Håkon Høgemo bidreg. Båe har resultert i fleire utgjevingar på eige selskap. Med poeten Jon Fosse har han to utgjevingar. Seglem har turnert omfattande for Rikskonsertene og Den norske jazzscene.

Diskografi

Soloalbum

  • Waves (2015)
  • Live in Germany (2015)
  • WorldJazz (2015)
  • Lærad (The tree) (2015)
  • Som spor (2014)
  • NyeSongar.no (2013)
  • Ossicles (2010)
  • NORSKjazz.no (2009)
  • Skoddeheimen (2009)
  • Draumkvedet (2009) (med Berit Opheim Versto)
  • Urbs (2007)
  • Dikt (2006) (med Jon Fosse)
  • Reik (2005)
  • Femstein (2004)
  • New north (2004)
  • Nye nord (2002)
  • Spir (1998)
  • Struggle for life (1998) (filmmusikk Norsk Villakssenter)
  • Tya (1997) (med Reidar Skår)
  • Prosa (1996) (med Jon Fosse)
  • Rit (1994)
  • Sogn-a-Song (1991)
  • Poems for trio (1988)

Bibliografi

Bøker

  • 2006 – Stilla er ein åker : femti dikt og nokre songar (Oslo: Samlaget) . ISBN 978-82-521-6925-6
  • 2013 – Kvit frekvens, stille spor (Leikanger: Skald) . ISBN 978-82-7959-193-1

I bøker

  • 1983 – Pao sågnamaol : frå skrivetevlingane skipa til av Sogn Mållag (Naustdal: Sogn og Fjordane Magasin)  [Av innhaldet: Sågna-elegi (frao ain gamadl kadl) / Karl Seglem]
  • 2007 – Godnattboka : nynorske forteljingar (Leikanger: Skald) . ISBN 978-82-7959-107-8  [Av innhaldet: Syng ein song / Karl Seglem]
  • 2009 – Eventyrboka (Leikanger: Skald) . ISBN 978-82-7959-138-2  [Av innhaldet: Første fabel om Opus / Karl Seglem]
  • 2011 – Trøysteboka (Leikanger: Skald) . ISBN 978-82-7959-166-5  [Av innhaldet: Ologningane på det blå fjellet / Karl Seglem]
  • 2013 – Monsterboka : nynorske forteljingar (Leikanger: Skald) . ISBN 978-82-7959-191-7  [Av innhaldet: Gnaolaradn og Ævrakliv / Karl Seglem]

I tidsskrift – eit utval

Prisar, utmerkingar og stipend (utval)

  • 2012 – NOPA sin musikkpris for tingingsverket Som spor
  • 2012 – Årets Årdøl
  • 2012 – Egil Storbekkens musikkpris
  • 2012 – Statens kunstnarstipend (1 år)
  • 2010 – Buddyprisen (norsk jazz høgaste utmerking)
  • 2010 – Komponistenes Vederlagsfond fordjupingstipend (2010 – 2011)
  • 2010 – Statens kunstnarstupend (1 år)
  • 2010 – Folkelarmprisen for Ossicles
  • 2004 – Statens kunstarstipend (1 år)
  • 1998 – Edvard-prisen i klassen populærmusikk – større verk, saman med Reidar Skår for Tya
  • 1998 – Gammleng-prisen i open klasse
  • 1983 – Årdal Kommunes Kulturpris

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Teksten er henta frå Wikipedia, lisensiert under CC-BT-SA