Karl Friedrich Kurz (23. september 1878–26. juni 1962) var ein tysk/sveitsisk/norsk forfattar.

Karl Friedrich Kurz er fødd nær Freiburg, Bremgarten i Tyskland. Som barn flytta han med foreldra til Basel i Sveits. Han ønskja å bli kunstmålar og begynte på akademiet i Karlsruhe.

Det var tilfeldigheiter som gjorde han til skribent og forfattar. Etter å ha ført eit omflakkande tilvere med omfattande reiseverksemd i m.a. aust-Asia og Japan, slo han seg ned i Noreg der han skreiv romanar på tysk. Han var påverka av Knut Hamsun og henta inspirasjon frå naturen og folkelivet ved Sognefjorden og i Sunnfjord.

Romanane vart svært populære i Tyskland og vart selde i store opplag. I 1934 fekk han Schillerprisen og Volkspreis frå Schweizerische Schillerstiftung i Zürich.

Han budde først i Solund, så ved Vadheim i Høyanger kommune før han i 1924 slo seg ned i Vårdal i Dalsfjorden i Askvoll kommune i Sunnfjord. Der budde han til han i 1950, då han forlet familien sin og flytta til Nessjøen (Nese) i Fjell kommune på Sotra i Hordaland der han budde til han døde i 1962, 84 år gamal. Kurz gav ut 10 romanar og fleire novellesamlingar. Dei etterlatte papira hans er for det meste komne bort.

Karl Friedrich Kurz ligg begravd på kyrkjegarden i Holmedal i Dalsfjorden, Sunnfjord.

Bibliografi

Bøker – eit utval

  • 1914 – Der Held von Björnnäs : Nordische Erzählung (München: Albert Langen)
  • 1914 – Mitternachtsonne und Nordlicht : mit 16 Vollbildern und 34 Textbildnissen nach Strichzeichnungen des Verfassers (Frauenfeld: Druck und Verlag von Huber & Co)
  • 1927 – Die goldene Woge : roman (Berlin: Georg Westermann)
  • 1930 – Im Königreich Mjelvik : roman (Berlin: Georg Westermann)
  • 1931 – Herren vom Fjord : roman (Berlin: Georg Westermann)
  • 1935 – Tyra, die Märcheninsel : roman (Berlin: Georg Westermann)
  • 1936 – Herrn Erlings Magd : roman (Berlin: Gerhard Stalling Verlagsbuchhandlung)
  • 2002 – Herskap ved fjorden : roman (Leikanger: Skald) . ISBN 82-7959-033-1  [Originaltittel: Herrn Erlings Magd : roman ; omsett frå tysk av Heidi Helle og Rolf Losnegård]

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Teksten er henta frå Wikipedia, lisensiert under CC-BT-SA