Karin Benedicte Berg

Fødd: 14. november 1897 Helgeroa

Død: 16. februar 1991

Karin Benedicte Berg (14. november 1897–16. februar 1991) var ein norsk forfattar og journalist. Ho var frå Helgeroa ved Larvik og busett på Nordfjordeid i Eid kommune. Berg var journalist i Minnesota fram til ho gifta seg med Andreas Berg, som var rektor ved Eid gymnas på Nordfjordeid frå 1922 til 1963, og ho flytta dit i 1925. Ho engasjerte seg etter kvart i amatørteatermiljøet på Nordfjordeid, både som instruktør og som skodespelforfattar. Berg verka forfattar og instruktør ved elevteater og russerevyar i kring 40 år.

Karin Benedicte Berg gav ut fleire romanar og skodespel.

Bibliografi

Bøker

  • 1929 – Oberstindens Pleiedatter : Fortælling (Cedar Rapids, Iowa: N.Fr. Hansen Publishing Co.)
  • 1931 – På Eik : amatørkomedie i 2 akter (Oslo: Aschehoug)  [Serie: For amatørteatret]
  • 1942 – Familien får sjokk (Oslo: Aschehoug) Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 1948 – Glory–Glory (Oslo: Damm)
  • 1949 – Lovovertredere : amatørkomedie i to akter (tre avdelinger) (Oslo: Aschehoug) Tilgjengeleg i bokhylla.no  [Serie: For amatørteatret]
  • 1952 – Hva skal vi gjøre med mor? : skuespill i to akter (Oslo: Aschehoug) Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 1960 – Zarah : roman (Oslo: Aschehoug) Tilgjengeleg i bokhylla.no

I tidsskrift – eit utval

Kjelder

Teksten er henta frå Wikipedia, lisensiert under CC-BT-SA