Kari Ørbech (fødd Kari Ørbech Åse, 5. januar 1902–15. april 1997) var ein norsk ungdomsbokforfattar frå Årdal.

Ho debuterte i 1936 med Den forjettede by, og skreiv i alt 17 bøker. Gjennombrotet fekk ho med si neste bok Hun som fikk navnet Loretta (1952), som ho fekk Kirke- og undervisningsdepartementets pris og Dammprisen for. Ho vann departementet sin pris igjen i 1973 og 1974, med Alt kan hende Peder og Stormdagen. Ørbech skreiv både på bokmål og nynorsk, og nokre av bøkene vart utgitt i begge målformene. Tre av bøkene er omsett til svensk, og ei til russisk.

Ørbech sitt forfattarskap er prega av sosial og psykologisk realisme, etisk alvor og vilje til å drøfta problem. Ho skildrar ungdomskriminalitet i Redningen (1967), tenåringsgraviditet i Liv og Lars (1971) og ein 16-åring sitt inntrykk av foreldra si skilsmisse i Det kan ikke være sant (1956). Hovudpersonane hennar vel ofte løysingar som inneber brot med tradisjonelle oppfatningar i deira heimemiljø.

Bibliografi

Bøker

  • 1979 – Eidsvoll folkebibliotek 150 år (Eidsvoll: Eidsvoll folkebibliotek) Tilgjengeleg i bokhylla.no  [Redaksjonskomite: Kari Ørbech Åse, John Granly, Eirik Sundli]
  • 1979 – Varden (Larvik: Norsk barneblad)  [Nynorsk]

I tidsskrift – eit utval

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Teksten er henta frå Wikipedia, lisensiert under CC-BT-SA