Kari  Bakke

Kari Bakke

Fødd: 21.oktober 1908

Død: 17.mai 1998

Yrke: Forfattar, stenograf

Sjanger: Dikt, forteljingar

Debut: Finnes du?, dikt (1959 )

Kari Kristina Lenvik Bakke, fødd Frydenlund (21. oktober 1908–17. mai 1998), var ein forfattar og stenograf frå Lærdal i Sogn.[1] Etter framhaldsskule gjekk Bakke på Sogndal folkehøgskule i eit år og på handelsskule i Bergen i eit halvt år. Deretter utdanna ho seg ved Statens kurs for stortingsstenografer i Oslo. Saman med to andre kvinner etablerte Bakke eige firma og arbeidde som stenograf før ho flytta til Hønefoss i 1935. Ho var spaltist i Dagbladet frå 1960 og skreiv petitdikt under merket «Gråspurven» i drygt ti år. Frå 1966 var Bakke forfattar på heiltid.

Bakke debuterte med diktsamlinga «Finnes du?» i 1959. Ho gav ut i alt seks bøker. «Gråspurven» (1974) inneheld tekstar som tidlegare hadde vore prenta i Dagbladet. Einar Økland tok initiativ til, og skreiv forord, til samlinga. Han skreiv: Det er ein heilt anna diktar vi møter i Gråspurvens dikt enn når vi les Kari Bakkes diktbøker. Kari Bakke…er kjend som ein følsom og varm humanist, undrande og stundom sjølvgranskande i sin lyrikk. Gråspurven…er også følsom og varm i sin humanisme, men langt meir utovervend.[2]

Kari Bakke skreiv både sentrallyrikk og politisk radikale dikt. Mange av tekstane er tydeleg feministiske og har trivielt kvinneliv og kvinnearbeid i fortid og samtid som tema. Språket er konkret og kvardagsleg.
Bakke nytta begge målformene, men skreiv helst på nynorsk og si eiga dialekt.
Det siste arbeidet var ei samling dikt og forteljingar på lærdalsmål med tittelen «Fetang : mennesje so mærkte me» (1984). Nokre av tekstane har fått melodi av Tone Ringen. Boka har etterord av Andreas Bjørkum, der han kommenterer Bakke sin bruk av lærdalsmålet. Ho er elles representert med eit titals dikt i boka «Dikting og diktarar frå Sogn», redigert av Bjørkum og Jarle Bondevik. Nokre dikt av Bakke er også komne med i antologiar for barn.
Bakke fekk fleire stipend og hadde studieopphald i Danmark, Sverige og Nord-Afrika. Frå 1973 fekk ho Statens faste stipend for eldre fortjente kunstnere. I 1980 vann ho førsteprisen i ei dialekttevling i Sogn Mållag.

Kari Bakke er gravlagd på Hønefoss.[3]

Bibliografi

Bøker

I bøker – eit utval

  • 1963 – Barn i norsk lyrikk : en antologi (Oslo: Den norske bokklubben) I fulltekst ved nb.no  [Ved Inger Hagerup. Av innhaldet: Barnet og julen / Kari Bakke]
  • 1968 – Norske dikt frå Edda til i dag : ein nynorsk antologi (Oslo: Samlaget) I fulltekst ved nb.no  [Redigert av Bjarte Birkeland, Johs. A. Dale, Erling Nielsen og Halldis Moren Vesaas. Av innhaldet: Lyset om menneskja ; Apalblomnatt ; Eg ville vera / Kari Bakke, s. 273-274]
  • 1974 – Grafikk – lyrikk (Oslo: Noregs boklag) . ISBN 82-522-0097-4 I fulltekst ved nb.no  [Utgjeve av Noregs Boklag og Seljord Kunstforening. Av innhaldet: Bodet / Kari Bakke, s. 142]
  • 1979 – Frihet (Oslo: Tanum-Norli) . ISBN 82-518-0875-8 I fulltekst ved nb.no  [Redigert av Eilif Straume. Av innhaldet: Frihet / Kari Bakke, s. 51]
  • 1981 – Høydepunkt 1 : egne tekster utvalgt og kommentert av 34 norske forfattere (Oslo: Tiden) . ISBN 82-10-02144-3 I fulltekst ved nb.no  [Redigert av Einar Økland. Av innhaldet: Ikkje sætande ; Spor i vatn ; Nærkona ; Ettermæle / Kari Bakke, s. 27-31]
  • 1985 – Dikt for deg og andre barn (Oslo: Samlaget) . ISBN 82-521-2494-1 I fulltekst ved nb.no  [Av innhaldet: Sletteskar-dansen ; Den vesle vegen / Kari Bakke, s. 14-16]
  • 2002 – Under bergfall : mine kjæraste dikt (Oslo: Samlaget) . ISBN 82-521-5970-2  [Av innhaldet: Dei støste steinadn; Huksa du; Dæ va ei gång; Adle somra ta slutt; Ei sørjele visa / Kari Bakke]

I tidsskrift – eit utval

Kjelder

Notar

  1. Bjørkum og Bondevik 1998, side 374
  2. Bakke 1974, side 7-8
  3. DIS-Norge : gravminner i Norge, 2015

Litteratur

Bakgrunnsstoff

  • Fjeldstad, Kari Hervold (1975). Vinge og jord : en studie i Kari Bakkes dikt. Oslo: Universitetet i Oslo.  [Hovudfagsoppgåve i nordisk]
  • Om Kari Bakke i Lokalhistoriske artiklar Sogn og Fjordane
  • Leif Mæhle, red. (1976). Norsk litterær årbok. 1976. Oslo: Samlaget. ISBN 82-521-0609-9.  [Av innhaldet: Kari Bakkes dikt / Kari Hervold, s. 103-127]


Teksten er henta frå Wikipedia, lisensiert under CC-BT-SA