Kåre Øvregard

Fødd: 19. februar 1933 Jostedal

Kåre Øvregard (fødd 19. februar 1933) er ein norsk Ap-politikar, lærar, rådmann og forfattar. Øvregard var fødd i Jostedalen, og busett i Gaupne i Luster kommune. Han tok eksamen ved Stord lærarskule 1957, Statens sløyd og tegneskole 1961 og sommarkurs ved NLH 1964. Han var lærar ved Sperle skule 1957-1962 og Gaupne barneskule 1962-1975. Øvregard var varaordførar i Jostedal 1959-1962, i Luster 1965-1967 og han var ordførar i Luster 1975-1977. Han hadde m.a. verv i skulestyre, var leiar i generalplannemnda og var medlem i både den kommunale og fylkeskommunale friluftsnemnda. Øvregard var medlem i Interimsstyret for Norske vasskraftkommunars landssamanslutning 1976-1985. På riksplan har han hatt tillitsverv i styreorgan i Vinmonopolet, og har elles hatt lokale styreverv i Vestlandsbanken. Kåre Øvregard var stortingsrepresentant 1977-1989 og han var rådmann i Luster 1989-1994.

I lokalt organisasjonsarbeid har Øvregard hatt ei rad styreverv i ungdomslag, musikkliv og idrettslag. Han var styremedlem for Arbeidararkiv Sogn og Fjordane frå 1989.

Kåre Øvregard har skrive lokalhistoriske bøker for Luster og ei barnebok.

I 2011 vart Øvregard tildelt kulturprisen til Luster kommune.

Bibliografi

Bøker

  • 1991 – Gaupne skule- og ungdomskorps 25-års jubileum (Gaupne: Eige forlag)
  • 1996 – Skulen i Luster gjennom 250 år : kulturhistoriske glimt frå skulen sitt arbeid i dei ulike krinsane (Gaupne: Luster kommune) . ISBN 82-991182-5-5 Tilgjengeleg i bokhylla.no  [Over tittelen: Den gamle – og så den nye tid]
  • 2003 – Leirdalen – ei perle i Luster : jordbruksbygda Storflaumane frå Brimkjelen Vasskraftutbygginga (Luster: Eige forlag) . ISBN 82-996797-0-2
  • 2007 – Tiriltunger og brennenesler : ho Brite Moste og andre små soger (Rasta: Forlaget Norske Bøker) . ISBN 978-82-8112-085-3
  • 2010 – Jostedal kyrkje : fakta, segn og soge gjennom 350 år (Leikanger: Skald) . ISBN 978-82-7959-153-5
  • 2015 – Bygdene og folket : arbeidarrøsla i Luster i fortid og notid ( Luster Arbeiderparti) . ISBN 978-82-303-3101-9  [Boknemnd: Kåre Øvregard, Malvin Moen, Odd Atle Stegegjerdet, Birgit Stegegjerdet Fossen]

I tidsskrift- eit utval

Stortingskomitéar

  • 1985–1989 medlem i Kontrollkomitéen
  • 1985–1989 varamedlem i Den utvida utanriks- og konstitusjonskomitéen
  • 1985–1989 varamedlem i Kontrollkomitéen
  • 1985–1989 medlem i Kyrkje- og undervisningskomitéen
  • 1985–1989 medlem i Valkomitéen
  • 1981–1985 sekretær i Kommunal- og miljøvernkomitéen
  • 1981–1985 medlem i Valkomitéen
  • 1977–1981 medlem i Landbrukskomitéen
  • 1977–1981 varamedlem i Valkomitéen

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Teksten er henta frå Wikipedia, lisensiert under CC-BT-SA