Julli Wiborg

Fødd: 1880 Leite i Ytre Holmedal i Sunnfjord

Død: 1947

Sjanger: Forteljingar, romanar

Debut: Smaafolk : fortællinger for gutter og piker, 1908

Juliane (Julli) Wiborg (1880–1947) var ein norsk forfattar og lærar. Ho vart født på Leite i Ytre Holmedal, og var dotter til Nils Landmark.

Juliane Wiborg er ein av dei mest leste forfattarane frå Sunnfjord. Ho skreiv moraliserande bøker for «unge piker», og gav i alt ut 34 titlar. Juliane Wiborg hadde også fleire forteljingar i Nynorsk Vekeblad. Fleire av bøkene er omsett til svensk, dansk, tysk og finsk.

Juliane Wiborg er gravlagd på Vestre gravlund i Oslo.

Bibliografi

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Teksten er henta frå Wikipedia, lisensiert under CC-BT-SA