Jon Laberg

Fødd: 29. april 1859

Død: 1948

Jon Laberg (29. april 1859–1948) var ein norsk lærar, lokalhistorikar, statsstipendiat og Venstre-politikar. Han var i oppveksten busett på Ornes i Luster kommune. Laberg hadde eksamen frå Balestrand lærerskole 1876 og frå Stord lærarskule. Han arbeidde som lærar fleire stader: i Hoddevik på Stad i Selje kommune 1876-1878, i Erdal i Lærdal 1878-1883, ved Kalmargaten skole for psykisk utviklingshemma i Bergen 1883-1886, og han var overlærar ved Bergens folkeskole 1886-1926.

Jon Laberg er kjend som bygdebokskrivar i Sogn. Han skreiv sitt første større bygdehistoriske arbeid i 1915 med bygdebok for Hafslo, som utkom i 1926. Seinare kom bøker om Luster 1926, Årdal 1932, Balestrand 1934, Jostedal 1936-1948 (trykt i Tidsskrift utgitt av Historielaget for Sogn, nr 10/1939, nr 11/1944 og nr 13/1948) , Lærdal og Borgund 1938. Han begynte også på arbeidet med Bygdabok for Vik i Sogn, men han rakk ikkje å fullføra det. Laberg var den første bygdebokskrivaren i Sogn og Fjordane som tok med opplysningar om fattigstell, husmenn og tenarhald på gardane. Han var med å skipa Historielaget for Sogn i 1909, og vart den første æresmedlemen i laget. Laberg skreiv også skulehistorie frå Bergen.

Han representerte Venstre i Bergen bystyre 1888-1921, var varaordfører i to år og skulestyreformann i ti år. Laberg var vararepresentant til Stortinget 1895-1900. Han var statsstipendiat frå 1917. Laberg vart tildelt Borgerdådsmedaljen og Klostermedaljen, som er høgaste utmerkinga til fråhaldsrørsla.

Bibliografi

Bøker

  • 1896 – Bibelhistorie for skole og hjem (Bergen: Floor) Tilgjengeleg i bokhylla.no  [Av: Jon Laberg, Thor Stensaker, Knud Skjeie]
  • 1899 – Henrik Wergelands bedstefar, Halvor Lassesen Bæraas (Bergen)  [Samtiden nr. 1. Jan. 1899]
  • 1926 – Hafslo : bygd og ætter (Bergen: Grieg) Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 1926 – Luster : bygd og ætter (Bergen: Grieg) Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 1932 – Årdal i Sogn : bygd og ætter (Bergen: Grieg) Tilgjengeleg i bokhylla.no  [Med tilhjelp av Håkon Shetelig, Lars Eskeland, Jørgen Hæreid, Tomas Hæreid og Olav Sagen]
  • 1934 – Balestrand : bygd og ætter (Bergen: Grieg) Tilgjengeleg i bokhylla.no  [Med tilhjelp av Sjur Bøyum, Håkon Shetelig, Anders Skåsheim, m.fl]
  • 1936 – Jostedal : ei stutt utgreiding um bygdi og folket der : [1] (Leikanger)
  • 1938 – Lærdal og Borgund : bygd og ætter (Bergen: Lunde forlag) Tilgjengeleg i bokhylla.no

I tidsskrift – eit utval

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Teksten er henta frå Wikipedia, lisensiert under CC-BT-SA