Jon  Hellesnes
string(17) "Jon_Hellesnes.jpg" string(13) "Jon_Hellesnes"

Jon Hellesnes

Pseudonym: Alexander N. Wilken

Nasjonalitet: Norsk

Fødd: 16. september 1939 (77 år)Voss

Periode: 1966 –

Debut: Sjølvkunnskap og medmenneskeforståing : ein studie i filosofisk psykologi

Jon Hellesnes (fødd 16. september 1939 på Voss) er ein norsk forfattar og filosof. Han budde på Sandane i Gloppen kommune til han var 12-14 år. Hellesnes begynte i 1985 som professor i filosofi ved Universitetet i Tromsø, der han gjekk av med pensjon i 2007. Han heldt fram som professor II ved Høgskulen i Volda til 2008. I tillegg har han vore gjesteforelesar ved fleire universitet i Tyskland og ved University of Virginia i USA.

Han har skrive fleire bøker, både på norsk og fleire andre språk. Dei fleste bøkene hans handlar om filosofi. Hellesnes har gitt ut spenningsromanar under pseudonymet Alexander N. Wilken. Hellesnes er medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi i Oslo og Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab i Trondheim.[1]

I 1995 vann han Melsom-prisen. I 2010 vart han tildelt Språkprisen for Illusjon?.

Bibliografi

Bøker

  • 1966 – Sjølvkunnskap og medmenneskeforståing : ein studie i filosofisk psykologi (Bergen: Universitetet)  [Magistergradsoppgåve i filosofi]
  • 1968 – Filosofi i vår tid : tverrsnitt og perspektiv (Oslo: Pax) Tilgjengeleg i bokhylla.no  [Av: Jon Hellesnes og Knut Erik Tranøy]
  • 1968 – Sjølvkunnskapen og det framande medvitet : essays (Oslo: Grundt Tanum) Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 1969 – Ein utdana mann og eit dana menneske : framlegg til eit utvida daningsomgrep (Bergen: Filosofisk institutt, Universitetet i Bergen)
  • 1973 – Tilpassings-ideologien, sosialiseringa og dei materielle ordningane (Tromsø: Universitetet i Tromsø)
  • 1973 – Samfunnet og den einskilde i ulike oppsedings-teoretiske perspektiv (Tromsø: Universitetet i Tromsø)
  • 1975 – Pedagog eller funksjonær (Oslo: Novus) Tilgjengeleg i bokhylla.no  [Av: Jon Hellesnes, Erling Lars Dale og Åsmund Lønning Strømnes]
  • 1975 – Sosialisering og teknokrati : ein sosialfilosofisk studie med særleg vekt på pedagogikkens problem (Oslo: Gyldendal) . ISBN 8205081026 Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 1978 – Jakta etter svikaren : om nødvendet av praktisk filosofi (Oslo: Gyldendal) . ISBN 8205109273 Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 1982 – Carolus, klovnen : roman (Oslo: Gyldendal) . ISBN 8257401641 Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 1984 – Farar i Metropolis og andre essays (Oslo: Gyldendal) . ISBN 8205148635 Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 1986 – Den postmoderne anstalten (Oslo: Gyldendal) . ISBN 8205169101 Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 1988 – Hermeneutikk og kultur : filosofiske stubbar (Oslo: Samlaget) . ISBN 82-521-3222-7 Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 1992 – Den sosial-hygieniske tenkemåten (Oslo: TMV-senteret) . ISBN 8275770254 Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 1993 – Etikk-satsing? : om moralteknologi, diskursetikk og kvardagssokratisk verksemd (Bergen: LOS-senteret)
  • 1994 – Sosialisering og teknokrati : del I og II (Oslo: Pensum-tjenesten)
  • 1994 – På grensa : om modernitet og ekstreme tilstandar (Oslo: Samlaget) . ISBN 82-521-4385-7 Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 1994 – Frå Athen til Pompeii : om Sokrates og Seneca, med merknader til Nietzche, Heidegger, Adorno m.fl. (Oslo: Samlaget) . ISBN 82-521-5079-9 Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 1999 – Om Hans Skjervheim (Oslo: Samlaget) . ISBN 82-521-5542-1 Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 1999 – René Descartes (Oslo: Gyldendal) . ISBN 8205267480 Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 2002 – Grunnane (Oslo: Universitetsforlaget) . ISBN 8215002978  [Av: Gunnar Skirbekk og Jon Hellesnes]
  • 2002 – Maska bak andletet : om veremåtar, ideologi og filosofisk antropologi (Oslo: Samlaget) . ISBN 82-521-5995-8
  • 2004 – Illusjon? (Oslo: Samlaget) . ISBN 82-521-6423-4
  • 2007 – Om livstolking (Oslo: Samlaget) . ISBN 978-82-521-6977-5
  • 2009 – Arcanus-papirene (Oslo: Aschehoug) . ISBN 978-82-03-19475-7  [Skriven under pseudonymet Alexander N. Wilken]
  • 2010 – Det femte monarki og andre essay (Oslo: Samlaget) . ISBN 978-82-521-7605-6
  • 2014 – Meining? Religionskritikk og filosofi hos Nietzsche og Garborg (Oslo: Samlaget) . ISBN 978-82-521-8457-0
  • 2015 – Ballongferda og andre skriftsstykke (Oslo: Samlaget) . ISBN 978-82-521-8762-5
  • 2016 – Apokalypse alt nå? : en politisk thriller (Oslo: Gyldendal) . ISBN 978-82-05-49422-0  [Skriven under pseudonymet Alexander N. Wilken]

I tidsskrift – eit utval

Kjelder

Fotnotar

  1. Professor emeritus Jon Hellesnes 70 år. Fødselsdagsomtale i Aftenposten Kultur 16. september 2009 side 12.

Bakgrunnsstoff

Teksten er henta frå Wikipedia, lisensiert under CC-BT-SA