Johs.  Andenæs

Johs. Andenæs

Fødd: 7. september 1912 Innvik

Død: 3. juli 2003 Oslo

Johannes Bratt Andenæs, kjend som Johs. Andenæs (7. september 1912–3. juli 2003) var ein norsk jurist med doktorgrad. Han var professor i rettsvitskap ved Universitetet i Oslo (frå 1946 til 1982) og ein av dei leiande juristane i Norge.

Virke

Andenæs har blitt ståande som ein nestor innan norsk juss, spesielt strafferett, straffeprosess og statsrett var hans fagfelt. Ein periode etter andre verdskrig var han konstituert dommar i Høgesterett. Standardverket innan statsrett, Statsforfatningen i Norge, skreiv han på ein dorull medan han sat på Bredtveit fengsel under andre verdskrig.[1] Eit anna verk av sentral betydning er boka Alminnelig strafferett (1. utgåve 1956), som lenge var pensum ved dei juridiske fakulteta. Han vart i 1943 dr. juris på avhandlinga Straffbar unnlatelse.

Andenæs var ein sentral person under landssvikoppgjeret etter krigen, eit emne han skreiv om i boka Det vanskelige oppgjøret utgitt i 1979. Ifølge Statsborgarlova av 1924 hadde ei norsk kvinne gift med utlending, sitt norske statsborgarskap så lenge ho var busett i Norge. Men i 1946 vedtok Stortinget ei provisorisk anordning som fråtok norske kvinner statsborgarskapet om dei hadde gifta seg med ein tyskar i krigsåra. I odelstingsproposisjon nr 136, føredregen av Jens Chr. Hauge, vert dette grunna med at krigsbrura hadde «opptrådt på en høyst uverdig måte» ved å gifta seg med eit medlem av okkupasjonsmakta. Om dette skrev Andenæs i Verdens Gang same år: «Man utviser ikke landssvikere, ikke tyskertøser og deres barn, bare akkurat denne kategori som har fått sitt forhold legalisert ved ekteskap, og deres barn. Hvis man sier at det å gifte seg med en tysker er et så uverdig forhold for en norsk kvinne at hun bør miste sitt norske statsborgerskap og utvises, må det være like uverdig for en norsk mann å gifte seg med en tysk kvinne.» Faktum var at 28 norske menn hadde gifta seg med tyske kvinner i krigsåra. Desse vart aldri truga med deportasjon.[2]

Andenæs sine skrift vert ofte nytta som referanse av dei prosederande partar, såvel som av domstolane sjølve.

I 1986 vart han utnemnd til kommandør med stjerne av St. Olavs Orden.

Boka Det vanskelige oppgjøret vart kåra til beste sakprosa-utgjeving etter andre verdskrigen i Noreg i emnet krigshistorie i radio-programmet Faktasjekken på NRK P2 15.juli 2017. Røystinga var eit samarbeid mellom Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening og NRK.

Liv

Gamalt foto (1869) av Innvik prestegard der Andenæs vaks opp

Johs. Andenæs var bror av forleggjaren Tønnes Andenæs og Erling Rye Andenæs (motstandsmann under krigen). Dei stammar frå garden Andenes i Gloppen kommune i Sogn og Fjordane. Far hans, Mads Andenæs (1855-1942) var i seksten år prest i Miner County i Sør-Dakota på slutten av 1800-tallet, deretter var han sokneprest i Innvik prestegjeld. Johs. Andenæs vaks opp på prestegarden i Innvik. Broren Sigurd overtok garden som faren Mads hadde kjøpt i Sør-Dakota.[3]

Johs. Andenæs gifta seg i 1939 med Ida Johanne Andenæs, fødd Røren (19. juni 1913-3. mai 2008). Dei fekk fire barn saman, deriblant jusprofessor Mads Henry Andenæs og Aftenposten-journalist Ulf Andenæs.

Bibliografi

Bøker

  • 1942 – Straffbar unnlatelse : et bidrag til strafferettsdogmatikken (Oslo: Tanum) I fulltekst ved nb.no
  • 1943 – Fortid og framtid i erstatningsretten (Oslo: Norsk forsikringsjuridisk foreining) I fulltekst ved nb.no
  • 1945 – Grunnlov og rettssikkerhet (Bergen: Grieg) I fulltekst ved nb.no
  • 1945 – Omkring rettsoppgjøret (Oslo: Tanum) I fulltekst ved nb.no
  • 1945 – Statsforfatningen i Norge (Oslo: Tanum) I fulltekst ved nb.no
  • 1947 – Nazisme og landssvik (Oslo: Tanum) I fulltekst ved nb.no
  • 1947 – Rettsoppgjøret : foredrag (Oslo) I fulltekst ved nb.no
  • 1950 – Havig-Gjelseth-saken : granskingsutvalgets uttalelse (Oslo: Land og Kirke Forlagsaksjeselskap) I fulltekst ved nb.no
  • 1950 – Forbrytelse og straff (Oslo: Cappelen) I fulltekst ved nb.no  [Av: Johs. Andenæs, Johan B. Hygen, Gabriel Langfeldt]
  • 1951 – Strafferettens alminnelige del. 1 (Oslo: Universitets studentkontor) I fulltekst ved nb.no
  • 1951 – Samfunnskunnskap for realskolen (Oslo: Cappelen) I fulltekst ved nb.no  [Av: Johs. Andenæs, Odd Aukrust, Ingard Hauge]
  • 1951 – Samfunnskunnskap for gymnaset (Oslo: Cappelen) I fulltekst ved nb.no  [Av: Johs. Andenæs, Odd Aukrust, Ingard Hauge]
  • 1951 – Strafferettens alminnelige del. 3 (Oslo: Universitets studentkontor) I fulltekst ved nb.no
  • 1952 – Strafferettens alminnelige del. 2 (Oslo: Universitets studentkontor) I fulltekst ved nb.no
  • 1953 – Formuesforbrytelsene (Oslo: Universitets studentkontor) I fulltekst ved nb.no
  • 1956 – Alminnelig strafferett (Oslo: Akademisk forlag) I fulltekst ved nb.no
  • 1962 – Straffeprosessen i første instans (Oslo: Universitetsforlaget) . ISBN 8200340015 I fulltekst ved nb.no
  • 1962 – Avhandlinger og foredrag (Oslo: Universitetsforlaget) I fulltekst ved nb.no
  • 1965 – Uaktsomt drap i de nordiske land (Oslo: Institutt for kriminologi og strafferett) I fulltekst ved nb.no  [Av: Johs. Andenæs, Ragnar Hauge]
  • 1966 – Kriminalitet og samfunn : artikler og foredrag (Oslo: Pax) I fulltekst ved nb.no  [Av: Johs. Andenæs, Anders Bratholm, Nils Christie]
  • 1966 – Norway and the Second World War (Oslo: Tanum) . ISBN 8251802342 I fulltekst ved nb.no  [Av: Johs. Andenæs, Magne Skodvin, Olav Riste. 2 utg.]
  • 1974 – Straff og lovlydighet : artikkelsamling (Oslo: Universitetsforlaget) . ISBN 8200048071 I fulltekst ved nb.no
  • 1979 – Kommentarer til Kriminalmeldingen (Oslo: Grøndahl) . ISBN 8250403681 I fulltekst ved nb.no
  • 1979 – Det vanskelige oppgjøret : rettsoppgjøret etter okkupasjonen (Oslo: Tanum-Norli) . ISBN 8251809177 I fulltekst ved nb.no
  • 1982 – Fra spredte felter : et utvalg artikler og foredrag (Oslo: Tanum-Norli) . ISBN 8251816661 I fulltekst ved nb.no
  • 1982 – Nytt i den nye straffeprosessloven (Oslo: Universitetsforlaget) . ISBN 8200064107 I fulltekst ved nb.no
  • 1982 – Promillekjøring, trafikkulykker og straff (Oslo: Universitetsforlaget) . ISBN 8200062538 I fulltekst ved nb.no  [Av Johs. Andenæs og Robert K. Sørensen]
  • 1984 – Suverenitet og eiendomsrett på Svalbard (Oslo) . ISBN 8200069923 I fulltekst ved nb.no
  • 1984 – Norsk straffeprosess. 1 (Oslo: Universitetsforlaget) . ISBN 8200067726 I fulltekst ved nb.no
  • 1985 – Ordets frihet – ordets ansvar (Oslo: Fritt ord/Gyldendal) . ISBN 8205162883 I fulltekst ved nb.no
  • 1987 – Norsk straffeprosess. 2 (Oslo: Universitetsforlaget) . ISBN 8200181979 I fulltekst ved nb.no
  • 1987 – Et liv blant paragrafer (Oslo: Gyldendal) . ISBN 82-05-17373-7 I fulltekst ved nb.no
  • 1990 – Straff, almenprevensjon og kriminalpolitikk : artikkelsamling (Oslo: Universitetsforlaget) . ISBN 8200029999 I fulltekst ved nb.no
  • 1995 – Juridisk utredning om filmen «To mistenkelige personer» (Oslo: TANO) . ISBN 8251834155 I fulltekst ved nb.no
  • 1998 – Det vanskelige oppgjøret : rettsoppgjøret etter okkupasjonen (Oslo: TANO Aschehoug) . ISBN 8251836948 I fulltekst ved nb.no  [Ny utgåve]

Kjelder

Referansar

  1. universitas.no Jusnestoren fyller 90
  2. NRK Brennpunkt
  3. Ein bygut på stølen. Dag og Tid, 23. desember 2016, s. 22.

Bakgrunnsstoff


Teksten er henta frå Wikipedia, lisensiert under CC-BT-SA