John Moberg

Fødd: 1938

Død: 2010

John Moberg (1938–2010) var ein norsk journalist og forfattar. Han var busett på Leikanger.

Moberg verka i avisa Sogn og Fjordane frå 1960 og ei kort tid i Indre Sogn Avis som redaktør og initiativtakar. Mot slutten av karrieren arbeidde han ved Nynorsk Pressekontor. Han var også redaktør for Fjordhesten, medlemsbladet til Norges Fjordhestlag.

John Moberg var stiftaren av Norsk Gamalostlag. Han skreiv bøkene Gamalosten, Lutefisken og Graut.

Bibliografi

Bøker

  • 1986? – Sogneprodukter A/S 1976-1986
  • 1987 – Gamalosten (Oslo: Samlaget) . ISBN 82-521-3049-6 Tilgjengeleg i bokhylla.no  [Illustrert av Inge Grødum]
  • 1988 – Lutefisken (Oslo: Samlaget) . ISBN 82-521-3210-3 Tilgjengeleg i bokhylla.no  [Av: John Moberg og Jan Kløvstad ; illustrert av Dagfinn Bakke. Serie: Mat på folkemunne]
  • 1989 – Graut (Oslo: Samlaget) . ISBN 82-521-3441-6 Tilgjengeleg i bokhylla.no  [Illustrert av Ludvig Eikaas. Serie: Mat på folkemunne]

I tidsskrift – eit utval

Kjelder

Teksten er henta frå Wikipedia, lisensiert under CC-BT-SA