Johannes  Brochmann
string(19) "BodvarBrochmann.jpg" string(15) "BodvarBrochmann"

Johannes Brochmann

Bodvar Fredrik Johannes Brochmann (fødd 19. april 1852 i Kvinesdal, død 1930) var ein norsk prest, forfattar, dramatikar og skribent.

Johannes Brochmann vart cand.theol. i 1876, og arbeidde som lærar i Oslo frå 1877 til han i 1885 av helsemessige grunnar flytta til Vestlandet. Han budde i Ullensvang frå 1885, vart sokneprest i Røldal i 1900 og i Sogndal frå 1908 til 1923.[1][2][3] I Ullensvang arbeidde han som fri skribent, journalist, prestevikar og føredragshaldar.[2] I denne tida bidrog han til å stifta ungdomslag i bygda.[4] I Røldal skal han ha bidrege til å bevara Røldal stavkyrkje.[5]

Han skreiv dikt og ein komedie allereie i studietida. Dramaet Haakon Adelsteinsfostre (1878) er basert på Heimskringla, og er aldri oppført.[6] Forfattarskapet hans omfattar elles polemikk med Bjørnson om Over Ævne, biografiar over teologane E.F.B. Horn og Anton Christian Bang, dikt, songar og eventyr.[2]

Han var son av sokneprest Diderik Hegermann Brochmann (1808–75) og Sara Jessine Louise Brock (1811–91) frå Nannestad.[7] Han gifta seg i 1878 med Elisabeth Falsen Smith (1855–1915) frå Molde, som også var litterært interessert og omsette Sherlock Holmesbøker.[8] Dei var foreldre til Diderik Brochmann og Georg Brochmann, og gjennom Diderik besteforeldre til Zinken Hopp og Odd Brochmann[9][2] Han var onkel til Bertram Dybwad Brochmann.

Bibliografi

  • 1878 – Håkon Adalstejnsfostre : historisk tragedie i 5 handlinger (Kristiania: Den norske forlagsforening) Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 1886 – Bør «Over ævne» opføres? : et samfundsspørsmaal paa dagsordenen (Kristiania: Aschehoug) Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 1889 – Dr. E. F. B. Horn : nutidsbillede fra den norske kirke (Kristiania: Eige forlag)
  • 1898 – Biskop dr. A. Chr. Bang : et livsbillede : med lysstreif over vor kirkes udvikling i fortid og nutid (Kristiania: Cammermeyer) Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 1965 – Eventyr ifrå Hardanger : et livsbillede : med lysstreif over vor kirkes udvikling i fortid og nutid (Oslo: Norsk folkeminnelag) Tilgjengeleg i bokhylla.no  [Ved Halldor O. Opedal ; mest etter Thrond Sjursen Haukenæs og J. Brochmann]

Omsetjing

Kjelder

Referanser

  1. Kolltveit, Olav (1894-1979) (1971) Odda, Ullensvang og Kinsarvik i gamal og ny tid, s. 118 – Bygdeboknemnda, [Odda].
  2. 2,02,12,22,3 Carl Lauritz Lund-Iversen. «Brikker til et bilde, en biografisk skisse». I: Zinken : en bok om Zinken Hopp. Redigert av Carl Lauritz Lund-Iversen. Eide forlag, 2005. ISBN 82-514-0684-6
  3. Anonym (1967) Stedje kyrkje: Sogndal : 100 år : 1867-1967, s. 63 – [s.n.], Leikanger.
  4. Moren, Sven (1871-1938) (1921) Den frilynde ungdomsrørsla: Norigs ungdomslag i 25 år, s. 217 – Oslo : Laget.
  5. Veka, Johan (1896-1985) (1944) Liv og lagnad i Suldal, s. 81 – Stabenfeldt, Stavanger.
  6. Steen, Ellisiv (1908-2001) (1976) Det norske nasjonalhistoriske drama 1756-1974: med beskrivende register, s. 85 – Gyldendal, Oslo. ISBN 8205085846.
  7. Brochmann, Bodvar Fredrik Johannes i Norsk Forfatter-Lexicon, 1814–1880.
  8. Publikasjoner av Elisabeth Brochmann i BIBSYS
  9. Zinken Hopp: Johannes Brochmann i Norsk biografisk leksikon

Bakgrunnsstoff

Teksten er henta frå Wikipedia, lisensiert under CC-BT-SA