Jens Vangsnes (4. juli 1885–27. april 1967) var ein norsk lærar, reisetalar og forfattar. Han var fødd på Vangsnes i Vik kommune. Vangsnes tok eksamen ved Stord lærarskule 1906, og han var lærar i Balestrand, Sand, Luster og Fresvik i dagens Vik kommune og krinssekretær i Sogn krins av Norges Kristelige Ungdomsforbund 1920-1940. Han var lærar og klokkar i Fjærland i dagens Sogndal kommune 1941-1950. Han gav i åra frå 1934 til 1961 ut fleire andaktsbøker, artikkelsamlingar, og folkeminnesamlinga «Der havgula bles» (1958).

Bibliografi

Bøker

  • 1936 – Med Krist umbord (Oslo)
  • 1940 – Ny dag : andaktsbok for heim og skule (Oslo: Andaktsbokselskapet)
  • 1943 – K.F.U.M.-guttenes andaktsbok (Oslo: Norges kristelige ungdomsforbund)  [Oms. av Aaste Lie]
  • 1958 – Der havgula blæs (Bergen: Eige forlag)
  • 1961 – Les for oss : hugnad heime (Bergen: Lunde)

I tidsskrift – eit utval

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Teksten er henta frå Wikipedia, lisensiert under CC-BT-SA