Jens Olavson Espedal

Jens Olavson Espedal

Fødd: 5. februar 1898

Død: 13. november 1925 (27 år)

Yrke: skribent

Sjanger: Dikt, prosa

Debut: Kvardagskvæde, 1926

Jens Olavson Espedal

Jens Olavson Espedal (fødd 5. februar 1898 på Espedal, død 13. november 1925)[1] var ein radikal forfattar med røter i bondesamfunnet. Han var elev ved Mo jordbruksskule i Førde i 1917 og ved Voss folkehøgskule 1920 til 1921.

Diktsamlinga Kvardagskvæde vart gjeven ut posthumt av slektningar i 1926 året etter at Espedal døydde 27 år gamal. Aasulv Stave meldte lyrikkboka til Jens Olavson Espedal i avisa Firda Folkeblad i april utgjevingsåret og i omtalen heiter det mellom anna «…stemningsfulle dikt i ei lett skyneleg og folkeleg form utan store fakter».[2] Bokmeldar Stave var uroa over sjukdomen som til slutt kravde livet til Espedal, og dette kom til uttrykk i eit dikt kalla «Til Den sjuke Sunnfjorddiktaren» publisert i Firda Folkeblad to månadar før Espedal døydde.[3]

Jens Olavson Espedal fekk også på prent dikt i målbladet Unglyden, i det litterære tidsskriftet Ung Norig og avisa Gula Tidend. Han sette om dikt av Gustav Fröding frå Sverige, og fekk dei prenta i Gula Tidend.[4]

Aasmund Olavsson Vinje var ein særs viktig inspirasjonskjelde for Jens Espedal, og mellomnamnet Olavsson henta han frå Vinje.

Jakob Sande var inspirert av radikalismen til Jens Olavson Espedal, meiner Sande-biograf Ove Eide.

Bibliografi

Bøker

1926 – Kvardagskvæde (Svorkmo: Eige forlag) I fulltekst ved nb.no

I tidsskrift – eit utval

Referansar

  1. Gallis (redaktør) “Nynorsk bokliste” 1942, side 48 og Lund-Iversen 1990, side 147
  2. Firda Folkeblad 30.4 1926, side 2
  3. Firda Folkeblad 15.9.1925, side 1
  4. Eide 2002, s. 178.

Kjelder

Bakgrunnsstoff


Denne sida brukar materiale frå Wikipedia, lisensiert under CC-BY-SA

Emneord