Jens  Brekke
string(15) "Jens_Brekke.jpg" string(11) "Jens_Brekke"

Jens Brekke

Fødd: 1951

Jens Brekke (fødd 1951) er ein norsk lærar, kulturarbeidar og forfattar frå Vik. Brekke har mellom anna gjeve ut hefta Illustrert tyleskap med småhistorier, og Vetlaboki, eit songhefte for barnehagar. Han har vore fast kåsør i NRK Sogn og Fjordane i ei årrekkje.

Som medlem av musikkgruppa «Skjerpehaugen» har han vore med på to plater, og turnert i Folkeakademia med viseprogram saman med Ottar Wiik og Ragnar Hove. Han er forfattar av bøkene Fangebrev (Selja 2008) om Olav Skjerven frå Vik, som sat nesten to år i tysk krigsfangenskap og Dei seie so…om sogningen, sunnfjordingen og nordfjordingen (Selja 2010) med illustrasjonar av Arnstein Mygland.

Brekke har vore leiar av Sivle-laget sidan starten i 2002. Han har stått bak nyutgjevingar av tekstar av Per Sivle, mellom anna Berre ein hund (Selja 2004). I 1998 vart han tildelt Fylkesmålprisen, Vik kommune sin kulturpris 1999 og Målrosprisen 2000.

Bibliografi

Bøker

  • 1993 – Slik læt’e da her : notesamling frå Midtre Sogn (Vik: Vik kommune)  [Samla av Jens Brekke]
  • 1996 – Illustrert tyleskap. 1. aorgaong (Vik: Heimastølen forl.) . ISBN 82-91810-00-1
  • 1997 – Illustrert tyleskap. 2. aorgaong (Vik: Heimastølen forl.) . ISBN 82-91810-03-6
  • 1997 – Vetlaboki : songbok for barnehagane i Vik kommune (Vik: Heimastølen forl.) . ISBN 82-91810-02-8 Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 1998 – Illustrert tyleskap. 3. aorgaong (Vik: Heimastølen forl.) . ISBN 82-91810-04-4
  • 2004 – Berre ein hund (Førde: Selja) . ISBN 82-91722-41-2  [av Per Sivle. Inneheld: Han Per / Jens Brekke]
  • 2004 – Illustrert tyleskap. 4. aorgaong (Vik: Heimastølen forl.) . ISBN 82-91810-05-2
  • 2005 – Illustrert tyleskap. 5. aorgaong (Vik: Heimastølen forl.) . ISBN 82-91810-06-0
  • 2006 – Illustrert tyleskap. 6. aorgaong (Vik: Heimastølen forl.) . ISBN 82-91810-07-9
  • 2007 – Illustrert tyleskap. 7. aorgaong (Vik: Heimastølen forl.) . ISBN 82-91810-08-7
  • 2008 – Fangebrev : Stutthof-fangen Olav Skjerven (Førde: Selja) . ISBN 978-82-91722-85-6
  • 2008 – Illustrert tyleskap. 8. aorgaong (Vik: Heimastølen forl.) . ISBN 82-91810-09-5
  • 2008 – Juleglimt (Førde: Selja) . ISBN 978-82-91722-97-9  [Av innhaldet: Eg er så glad i «rik» jul mellom fattige folk / Jens Brekke]
  • 2008 – Krigsseglarar (Førde: Selja) . ISBN 978-82-91722-95-5  [Forfattar: Malvin Toft ; medforfattarar: Hans H. Steinsund, Kjell-Ragnar Berge og Jens Brekke]
  • 2009 – Illustrert tyleskap. 9. aorgaong (Vik: Heimastølen forl.) . ISBN 82-91810-10-9
  • 2010 – Dei seie so- : om sogningen, sunnfjordingen og nordfjordingen (Førde: Selja) . ISBN 978-82-8240-026-8
  • 2010 – Illustrert graskap (Vik: Heimastølen forl.) . ISBN 82-91810-11-7
  • 2010 – Illustrert tyleskap. 10. aorgaong. Jubileumsnummer (Vik: Heimastølen forl.) . ISBN 82-91810-12-5
  • 2011 – Illustrert tyleskap. 11. aorgaong (Vik: Heimastølen forl.) . ISBN 978-82-91810-13-3
  • 2012 – Illustrert tyleskap. 12. aorgaong (Vik: Heimastølen forl.) . ISBN 978-82-91810-16-4
  • 2013 – Destillert tyleskap : til å le av (Førde: Selja) . ISBN 978-82-8240-071-8
  • 2013 – Illustrert tyleskap. 13. aorgaong (Vik: Heimastølen forl.) . ISBN 978-82-91810-17-1
  • 2015 – Illustrert tyleskap. 15. aorgaong (Vik: Heimastølen forl.) . ISBN 978-82-91810-20-1
  • 2016 – Illustrert tyleskap. 16. aorgaong (Vik: Heimastølen forl.) . ISBN 978-82-91810-21-8

I tidsskrift – eit utval

Cd-ar

  • 1995 – Her langs fjorden. Heilo. Med Ottar Wiik; Jens Brekke, trekkspel
  • 1999 – Vetlaboki : songar frå Vik barnehage. Vik barnehage. VIKCD 1999

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Teksten er henta frå Wikipedia, lisensiert under CC-BT-SA