Jens  Andreas  Friis
string(22) "Jens_Andreas_Friis.jpg" string(18) "Jens_Andreas_Friis"

Jens Andreas Friis

Fødd: 2. mai 1821 Sogndalsfjøra

Død: 16. februar 1896 Christiania

Jens Andreas Friis (2. mai 1821–16. februar 1896) var ein norsk språkforskar og forfattar.

Friis var fødd i Sogndal i Sogn. Han tok først teologisk embetseksamen. Seinare studerte han samisk språk i Christiania og vidare hos Elias Lönnrot i Finland. Han vart dosent i lappiske språk ved universitetet i Christiania i 1866 og professor i 1874. Friis gjorde studiet av samisk til si livsgjerning. Han utgav mange og grundige verk om samiske språk og mytologi. Attåt skreiv han folkelivs- og reiseskildringar, som vart svært populære. Det mest kjende skjønnlitterære verket hans kom ut under namnet Fra Finnmarken. Skildringer, i 1881. Seinare kom boka i fleire nye opplag, under namnet Lajla, også på nynorsk (1944). Romanen er filmatisert tre gonger. Hans skjønnlittære verk er og omsett til andre språk.

Den langsiktige verknaden av Friis sitt arbeid var det praktiske språkarbeidet hans. Friis-rettskrivinga for nordsamisk vart brukt i den nordsamiske bibelen, og i tidsskriftet Nuorttanaste. Ho er dermed i bruk i religiøs samanheng den dag i dag, trass i at det har komme tre ulike rettskrivingar etter Friis si rettskriving.

Ordboka til Friis var viktig då ho kom, men ho har seinare komme i skuggen av Konrad Nielsen si store ordbok.

J.A. Friis døydde i Kristiania.

Bibliografi

Bøker

  • 1856 – Lappisk grammatik : udarbeidet efter den finmarkiske hoveddialekt eller sproget, saaledes som det almindeligst tales i norsk Finmarken (Christiania: Cappelen) Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 1856 – Lappiske sprogprøver : en samling af lappiske eventyr, ordsprog og gaader : med ordbog (Christiania: Cappelen) Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 1863 – ABC : samegiel ja darogiel abes daihe vuostas lokkamgirje same-manaidi (Kristiania: Brøgger & Kristie) Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 1871 – Lappisk mythologi, eventyr og folke-sagn (Christiania: Cammermeyer)
  • 1871 – En sommer i Finmarken, russisk Lapland og Nordkarelen : skildringer af Land og Folk (Christiania: Cammermeyer) Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 1874 – Hans Majestæt kong Oscar II’s reise i Nordland og Finmarken aar 1873 (Christiania: Mallings boghandel) Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 1876 – Tilfjelds i ferierne, eller Jæger- og fiskerliv i Høifjeldene (Christiania: Cammermeyer)
  • 1880 – En Sommer i Finmarken, russisk Lapland og Nordkarelen : skildringer af land og folk (Christiania: Cammermeyer) Tilgjengeleg i bokhylla.no  [2. udg.]
  • 1882 – Hans Majestæt kong Oscar II.s reise i Nordland og Finmarken aar 1873 (Kristiania: Mallings boghandel) Tilgjengeleg i bokhylla.no  [Forkortet udg.]
  • 1887 – Ordbog over det lappiske sprog : med latinsk og norsk forklaring samt en oversikt over sprogets grammatik (Kristiania: I kommission hos Jacob Dybwad) Tilgjengeleg i bokhylla.no

I tidsskrift – eit utval

Sjå også

  • Nordsamisk ortografi
  • Samisk språkforsking i Noreg

Kjelder

  • Tidsskrift. Nummer 26. Utgjeve av Historielaget for Sogn. Dikting og diktarar frå Sogn. Ved Andreas Bjørkum og Jarle Bondevik Kaupanger : Historielaget, 1978

Bakgrunnsstoff

Litteratur om Friis

Teksten er henta frå Wikipedia, lisensiert under CC-BT-SA