Jarle  Helgheim
string(18) "Jarle_Helgheim.jpg" string(14) "Jarle_Helgheim"

Jarle Helgheim

Fødd: 1942 Skei i Jølster

Jarle Helgheim (fødd 1942) er ein norsk lærar, bygningsarbeidar, breførar og forfattar frå Skei i Jølster kommune.

Helgheim har graden Cand. real. frå Universitetet i Oslo 1973 med hovudfag i geofysikk. Han har arbeidd som lærar i Oslo og Jølster og innan byggebransjen. På 1960-talet byrja Helgheim verka som breførar på Jostedalsbreen. I 2000 gav han ut boka Jølster – bygda og breen.

Jarle Helgheim har også vore engasjert innan idrett, og var fotballdommar i fleire år. Han var redaksjonsleiar for boka Jølster Idrettslag 80 år (2004) og redaktør for Idretten i Breim 1911-2011 (2011).

Bibliografi

Bøker

  • 2000 – Jølster : bygda og breen (Oslo: Samlaget) . ISBN 82-521-5734-3 Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 2005 – Jølster idrettslag 80 år : 1924-2004 (Skei: Jølster idrettslag) . ISBN 82-303-0383-5  [Red.: Jarle Helgheim]
  • 2011 – Idretten i Breim 1911-2011 (Breim: Breimsbygda idrettslag) . ISBN 978-82-303-1910-9  [Red.: Jarle Helgheim]

Kjelder

Teksten er henta frå Wikipedia, lisensiert under CC-BT-SA