Jarle Bondevik

Fødd: 29. juni 1934 Sogndal

Død: 4. april 2016

Jarle Bondevik (29. juni 1934–4. april 2016) var ein norsk språkforskar, fødd i Sogndal. Han var professor i norsk språk og språkhistorie og ytte særleg viktige faglege bidrag om utviklingstrekk i nynorsk bibelmål.

Liv og gjerning

Bondevik tok examen artium ved landsgymnaset i Voss, før han vart cand.philol. ved Universitetet i Bergen i 1961. Faga var historie og tysk, før han avslutta med nordisk hovudfag i Bergen i 1961. Bondevik skreiv hovudoppgåva si om stadnamn frå Sogndal. Han arbeidde som lektor ved Universitetet i Århus frå 1961 til 1963, og ved lærarskulen i Bergen frå 1963 til 1972. I 1972 vart han tilsett ved Universitetet i Bergen. Ved same institusjonen vart han dr.philos i 1988, og i 1993 vart han professor. Frå 1991 til 1999 var han ogso assisterande professor ved Høgskulen i Volda.[1]

Studiar i det nynorske bibelmålet. Morfologi og ordtilfang» var namnet på doktorarbeidet hans, som kom i 1985. I 2003 publiserte han «Og ordet vart nynorsk», som viser framvoksteren av nynorsk som bibelmål. Han har òg gjennom mange år forska på det eldre landsmålet og på dialektar, og i 1990 skreiv han om «Modalsmålet» i Bygdebok for Modalen.

Bondevik var medlem i Språkrådet 1988-1995. Saman med Oddvar Nes og Terje Aarset tok han i 1991 initiativet til Ivar Aasen-selskapet. Gjennom eit tidsrom på nærare 20 år fekk dei publisert ti band med uprenta materiale av Ivar Aasen.[1]

I avisa «Dag og Tid» av 8. april 2016 skriv Anders Aschim om Bondevik at «[h]an var den fremste kjennaren av det nynorske bibelspråket gjennom tidene».

Bibliografi

Bøker

  • 1975 – Sidsel Sidsærk og Supermann : barne- og ungdomslitteratur i bruk : artikkel- og oppgåvesamling (Oslo: Aschehoug) . ISBN 8203069450 Tilgjengeleg i bokhylla.no  [Av Jarle Bondevik og Olav Solberg]
  • 1976 – Kva er målreising? : ei artikkelsamling (Bergen: Norsk bokreidingslag) . ISBN 8290186061 Tilgjengeleg i bokhylla.no  [Av Gustav Indrebø ; redigert av Jarle Bondevik og Oddvar Nes]
  • 1978 – Tidsskrift. Nummer 26. Dikting og diktarar frå Sogn (Kaupanger: Historielaget for Sogn)  [Ved Andreas Bjørkum og Jarle Bondevik]
  • 1988 – Frå smått til stort : nordistikk i Bergen gjennom 70 år (Bergen: Nordisk institutt, Universitetet i Bergen) Tilgjengeleg i bokhylla.no  [Redigert av Jarle Bondevik]
  • 1989 – Nynorske bibelomsetjingar : ein bibliografi (Oslo: Det Norske bibelselskap) . ISBN 8254102627  [Redigert av Jarle Bondevik]
  • 1991 – Djup fjord og høg himmel : festskrift til Anders Ohnstad på 80-årsdagen 27. juni 1991 (Bergen: Norsk Bokreidingslag) . ISBN 8290186797 Tilgjengeleg i bokhylla.no  [Redaktørar: Jarle Bondevik og Andreas Bjørkum]
  • 1992 – Segner frå Sogn (Bergen: Norsk bokreidingslag) . ISBN 82-90186-85-1 Tilgjengeleg i bokhylla.no  [Av Olav Sande ; utgjevne av Andreas Bjørkum og Jarle Bondevik]
  • 1992 – Sunnmørsgrammatikkane (Bergen: Norsk bokreidingslag) . ISBN 82-90186-82-7  [Av Ivar Aasen ; redigert av Terje Aarset, Jarle Bondevik, Oddvar Nes]
  • 1994 – Målsamlingar frå Sunnmøre (Bergen: Norsk bokreidingslag) . ISBN 82-90186-93-2 Tilgjengeleg i bokhylla.no  [Av Ivar Aasen ; redigert av Terje Aarset, Jarle Bondevik, Oddvar Nes]
  • 1995 – Målsamlingar frå Bergens Stift av Ivar Aasen (Bergen: Norsk bokreidingslag) . ISBN 82-7834-002-1 Tilgjengeleg i bokhylla.no  [Redigert av Jarle Bondevik, Oddvar Nes og Terje Aarset]
  • 1996 – Fagprofilar ved Nordisk institutt, Universitetet i Bergen 1946-1996 (Bergen: Instituttet) . ISBN 8290500343 Tilgjengeleg i bokhylla.no  [Redigert av Jarle Bondevik, Willy Dahl og Sigurd Aa. Aarnes]
  • 1997 – Målsamlingar 1855-1861 (Bergen: Norsk bokreidingslag) . ISBN 82-7834-021-8  [Av Ivar Aasen ; redigert av Terje Aarset, Jarle Bondevik, Oddvar Nes]
  • 1997 – Målsamlingar frå Christiansands og Agershuus Stifter (Bergen: Norsk bokreidingslag) . ISBN 82-7834-007-2 Tilgjengeleg i bokhylla.no  [Av Ivar Aasen ; redigert av Terje Aarset, Jarle Bondevik, Oddvar Nes]
  • 1998 – Ivar Aasen-studiar. 1 (Bergen: Norsk bokreidingslag) . ISBN 8278340102 Tilgjengeleg i bokhylla.no  [Redigert av Jarle Bondevik og Oddvar Nes]
  • 1998 – Målsamlingar frå Trondhjems og Tromsø Stifter (Bergen: Norsk bokreidingslag) . ISBN 82-7834-009-9 Tilgjengeleg i bokhylla.no  [Av Ivar Aasen ; redigert av Terje Aarset, Jarle Bondevik, Oddvar Nes]
  • 1998 – Ord etter ord : heidersskrift til Oddvar Nes 28. i.e. 27. desember 1998 (Bergen: Norsk bokreidingslag) . ISBN 82-7834-013-7 Tilgjengeleg i bokhylla.no  [Redigert av Gunnstein Akselberg, Jarle Bondevik]
  • 1999 – Målsamlingar 1851-1854 (Bergen: Norsk bokreidingslag) . ISBN 82-7834-014-5 Tilgjengeleg i bokhylla.no  [Av Ivar Aasen ; redigert av Terje Aarset, Jarle Bondevik, Oddvar Nes]
  • 2000 – Dansk-norsk Ordbog (Bergen: Norsk bokreidingslag) . ISBN 82-7834-016-1 Tilgjengeleg i bokhylla.no  [Av Ivar Aasen ; redigert av Terje Aarset, Jarle Bondevik, Oddvar Nes]
  • 2001 – Til Anders Ohnstad på 90-årsdagen 27. juni 2001 : ei venehelsing frå Andreas Bjørkum, Bjørg og Jarle Bondevik (Bergen: Centraltrykkeriet) . ISBN 82-7128-317-0  [Redigert Iver Eriksøn Leganger, Andreas Bjørkum, Andreas, Bjørg Bondevik og Jarle Bondevik]
  • 2002 – Målsamlingar 1862-1883 (Bergen: Norsk bokreidingslag) . ISBN 82-7834-025-0  [Av Ivar Aasen ; redigert av Terje Aarset, Jarle Bondevik og Oddvar Nes]
  • 2003 – Og ordet vart nynorsk : soga åt den nynorske Bibelen (Bergen: Norsk bokreidingslag) . ISBN 82-7834-027-7
  • 2006 – Namnesamlingar (Bergen: Norsk bokreidingslag) . ISBN 8278340323  [Av Ivar Aasen ; redigert av Terje Aarset, Jarle Bondevik og Oddvar Nes]
  • 2011 – Smed i Sogndalsfjøra (Bergen: Bodoni forlag) . ISBN 978-82-7128-622-4
  • 2012 – Kløvjalass : dikt samla 2012 (Bergen: Bodoni forlag) . ISBN 978-82-7128-648-4

I tidsskrift – eit utval

Kjelder

  • Denne artikkelen bygger på «Jarle Bondevik» frå Wikipedia på engelsk, den 15. juni 2009.

    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:

  1. 1,01,1 Jarle Bondevik 70 år 29. juni, 9. Juni 2004 

Bakgrunnsstoff

  • 2004 – Folkemål, landsmål, bibelmål : heidersskrift til Jarle Bondevik på 70-årsdagen 29. juni 2004 (Øvre Eiker: Alvheim & Eide) . ISBN 82-90359-72-1  [Redigert av: Ole-Jørgen Johannessen og Oddvar Nes]

Teksten er henta frå Wikipedia, lisensiert under CC-BT-SA