Janne  Nygård

Janne Nygård

Fødd: 4. september 1989

Verv: Leiar i Norsk Målungdom

Føregjengar: Maria Kristine Sture

Etterfylgjar: Vebjørn Sture

Janne-Kristin Svarstad Nygård (fødd 4. september 1989) er ei norsk målkvinne frå Jølster i Sogn og Fjordane, busett i Oslo. Landsmøtet i Norsk Målungdom valde henne til leiar i 2010. Det var ho til 2012. Tidlegare har ho vore skrivar (2008–2009) og nestleiar (2009–2010) i same organisasjonen.

I april 2012 vart ho vald til nestleiar i Noregs Mållag, og har sete som vanleg styremedlem der sidan 2013. I 2013 vart ho også tildelt Målrosprisen av Jølster Mållag[1].

Nygård har gått på musikklinja på Firda vidaregåande skule. Utanom målsak interesserer ho seg for litteratur, teater og musikk, og har ofte figurert som «Månedens poet» i Dagbladet si diktsatsing for ungdom, «Skolekammeret»[2]. Ho har studert nordisk språk og litteratur ved Universitetet i Oslo, og har ei mastergrad i nynorsk skriftkultur ved Ivar Aasen-instituttet i Volda. Ho har arbeidd som redaksjonssekretær i tidsskriftet Syn og Segn. Per 2015 arbeider ho i forlaget Det Norske Samlaget.

Bibliografi

Bøker

  • 2013 – Kva skal vi med sidemål? : argument og fakta (Oslo: Samlaget) . ISBN 978-82-521-8308-5  [Medforfattar: Vebjørn Sture]
  • 2015 – Eit forsøk på å utvide språket. Dei naturvitskaplege artiklane i Syn og Segn i utbyggingsfasen fram til 1940 ( Høgskulen i Volda)  [Avhandling]

I bøker – eit utval

  • 2008 – Faen ta tyngdekrafta : vinnerdikt fra videregående (Oslo: Gyldendal) . ISBN 978-82-05-38688-4  [Av innhaldet: Enchantè. Geometriske tulipanar / Janne Nygård]

I tidsskrift – eit utval

Referansar

  1. Fekk både ros og Målros-pris. Firda.
  2. (2007) «– Eg er veldig oppteken av språk» – Dagbladet.


Teksten er henta frå Wikipedia, lisensiert under CC-BT-SA