Jan  Petter  Hoddevik

Jan Petter Hoddevik

Fødd: 5. november 1964 Selje

Jan Petter Hoddevik (fødd 5. november 1964) er ein norsk forfattar frå Selje kommune i Nordfjord i Sogn og Fjordane.

Hoddevik har mellom anna skrive bøker om forliset til «Sanct Svithun», eit hurtigruteskip som vart bomba av allierte fly 30. september 1943 utafor Stadtlandet. 50 menneske mista livet i ulukka, 78 blei berga.

Bibliografi

Bøker

  • 1993 – «Sanct Svitun»s krigsforlis : eit 50 års minne (Stadlandet: J.P. Hoddevik)
  • 2007 – Båtar med sjel. 2. 67 fiske- og fraktebåtar frå Sogn og Fjordane (Førde: Selja forlag) . ISBN 978-82-91722-81-8  [Forfattarar: Jan Petter Hoddevik, Malvin Toft, Hans H. Steinsund, Magnus Helge Torvanger, Ingolf Austgulen ; Serien Båter med sjel]
  • 2008 – Krigsforliset «Sanct Svithun» (Førde: Selja forlag) . ISBN 978-82-91722-90-0  [Andre reviderte opplag i 2016]

I bøker – eit utval

  • 2017 – Havet tok : 13 forlis og skipsulukker i Sogn og Fjordane (Førde: Selja Forlag) . ISBN 978-82-8240-125-8  [Red. av: Magnus Helge Torvanger. Denne boka er ei ny og sterkt utvida utgåve av Malvin Toft: Havet tok – 78 forlis og skipsulukker frå 2003]

I tidsskrift – eit utval

Kjelder

Teksten er henta frå Wikipedia, lisensiert under CC-BT-SA