Jan  Olav  Fretland
string(21) "Jan_Olav_Fretland.jpg" string(17) "Jan_Olav_Fretland"

Jan Olav Fretland

Fødd: 1950

Jan Olav Fretland (fødd 1950) er ein norsk høgskulelektor, kultursjef og målreisingsmann. Han er busett i Lærdal. Fretland tok cand. phil. 1977 og frå 1991 er han førsteamanuensis i norsk ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, som han har vore knytt til sidan 1986. I perioden 1991-1994 var han kultursjef i Lærdal. Fretland var rektor ved Høgskulen i Sogn og Fjordane 1994-2000.

Han har hatt ei rad offentlege tillitsverv knytt til målsak og språkrøkt, m.a. leiar i Noregs Mållag 1993-1994, styremedlem i Språkrådet 2000-2010, medlem i Kringkastingsrådet frå 2002. Fretland har gjeve ut ei rad bøker, m.a. i undervisningsprosjektet «På saklista».

Fretland er gift med Anna Jorunn Avdem og far til Jostein Avdem Fretland.

Bibliografi

Bøker

  • 1977 – Avismål i Midtre og Indre Sogn : ei undersøking av skriftmålsutviklinga i leiarar og lesarinnlegg i perioden 1903-70 (Oslo: Institutt for nordisk språk og litteratur)  [Hovudoppgåve hausten 1977]
  • 1980 – På godt norsk : ei handbok i nynorsk målbruk (Oslo: NKS-forlaget) . ISBN 8250800273 Tilgjengeleg i bokhylla.no  [Av: Jan Olav Fretland, Magne Rommetveit, Arnulv Sudmann, Lars S. Vikør]
  • 1981 – På godt norsk : kommentarar og oppgåver (Oslo: Norsk korrespondanseskole) Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 1982 – Språket ditt (Oslo: Novus) . ISBN 8270990779 Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 1985 – Frå Husum til Lo : 50-årssoga til Lærdal Kraftverk (Leikanger: Husabø prenteverk)
  • 1987 – Stadnamna vart redda : rapport om stadnamnprosjektet i Sogn og Fjordane 01.08.85-31.12.86 (Kaupanger: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane)  [Av Jan Olav Fretland, Gunnar Urtegaard. Skrifter frå Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane ; 1/87]
  • 1992 – Norsk grunnkurs (Oslo: NKS fjernundervisning) Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 1992 – Norsk sidemål (Oslo: NKS fjernundervisning) Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 1994 – På saklista : nynorsk språk- og dokumentlære for lokalforvaltninga (Bergen: Landssamanslutninga av nynorskkommunar i kommisjon hjå Fagbokforlaget) . ISBN 8276740499 Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 1995 – Korleis bør nynorsken sjå ut? : om Norsk språkråd og normeringa av nynorsken (Oslo: Noregs mållag) . ISBN 8276740499 Tilgjengeleg i bokhylla.no  [Red.: Jan Olav Fretland, Lars S. Vikør]
  • 1995 – «Landhandel med forpligtelse til at holde gjæstgiverie» : Lindstrøm 1845-1995 (Lærdal: Eige forlag) Tilgjengeleg i Bokhylla.no  [Av Anna Jorunn Avdem og Jan Olav Fretland]
  • 2000 – På saklista : nynorsk språkbruk i statsforvaltninga (Oslo: Landssamanslutninga av nynorskkommunar) . ISBN 8252156088 Tilgjengeleg i bokhylla.no  [Red.: Jan Olav Fretland, Lars S. Vikør]
  • 2013 – Rett og godt : handbok i nynorskundervisning (Oslo: Samlaget) . ISBN 978-82-521-8336-8  [Av Jan Olav Fretland og Aud Søyland]
  • 2015 – Norske skrivereglar : reglane du treng for å skrive på papir og skjerm (Oslo: Samlaget) . ISBN 978-82-521-8305-4  [Av Aud Søyland og Jan Olav Fretland. Nynorsk[utg.]]
  • 2015 – Nye røyster i nynorskforskinga (Oslo: Samlaget) . ISBN 978-82-521-8845-5  [Red.: Hjalmar Eiksund, Jan Olav Fretland]

I tidsskrift – eit utval

Kjelder

Teksten er henta frå Wikipedia, lisensiert under CC-BT-SA