Jan-Magnus  Bruheim
string(22) "Jan-Magnus_Bruheim.jpg" string(18) "Jan-Magnus_Bruheim"

Jan-Magnus Bruheim

Fødd: 15.februar 1914 Skjåk

Død: 10.august 1988 Skjåk

Yrke: Forfattar

Debut: Stengd dør, dikt, 1941

Jan-Magnus Bruheim (15. februar 1914–10. august 1988) var ein norsk forfattar som skreiv lyrikk og barnebøker.

Liv

Jan-Magnus Bruheim var fødd i Skjåk. Etter skulen fylgde nokre år med gardsarbeid, før han i 1957 starta opp som lærar i Vågå. Frå 1958 til 1961 var han lærar på Øygardskulen i Skjåk.

Skulesentraliseringa på 1960-talet gjorde at han slutta i skulevesenet, men han heldt fram med opplysningsarbeid i mange år, og besøkte grunnskular og folkehøgskular over heile landet med kåseri og opplesing.

Jan-Magnus Bruheim reiste mykje i Europa og gjesta Amerika og Sovjetunionen som medlem i ein norsk freds- og kulturdelegasjon.

Bruheim skreiv lyrikk, barnebøker og ein roman. Han utvikla seg frå å vere ein konvensjonell sentrallyrikar til ein utprega etisk-religiøs diktar.

I 1978 flytte han til lærarbustaden i skulehuset i Botnane i Bremanger kommune. Han skreiv fleire dikt og barnebøker med motiv frå kysten, barneboka Den kvite hjorten og diktsamlinga Flo og Fjøre. I 1954 vann han Sunnmørsprisen for Ord gjennom larm. I 1972 fekk han Nynorsk barnelitteraturpris frå Noregs Mållag. Bruheim hevda at dei sju åra i Botnane var dei mest produktive åra i diktarlivet hans.

Bruheim kom attende for godt til Skjåk 1985, da han kjøpte Vyuli frå garden Eide, og busette seg der. Han døydde i heimen sin i 1988.

Bibliografi

Dikt og prosalyrikk

Barnebøker

  • 1956 – Skrythøna og andre barnerim (Bergen: Eide)
  • 1958 – Hornsmeden : og andre barnerim (Bergen: Eide) Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 1961 – Røyskatten og andre barnerim (Oslo: Noregs boklag) Tilgjengeleg i bokhylla.no  [Illustrert av Reidar Johan Berle]
  • 1962 – Dei kalla meg Jo (Oslo: Noregs boklag) Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 1963 – Reinsbukken Kauto frå Kautokeino (Oslo: Noregs boklag) Tilgjengeleg i bokhylla.no  [Illustrert av Reidar Johan Berle]
  • 1966 – Grashoppa og andre barnerim (Oslo: Noregs boklag) Tilgjengeleg i bokhylla.no  [Illustrert av Reidar Johan Berle]
  • 1969 – Romferda og andre barnerim (Oslo: Noregs boklag) Tilgjengeleg i bokhylla.no  [Illustrert av Reidar Johan Berle]
  • 1970 – På langferd med Mjo Monsemann (Oslo: Noregs boklag) Tilgjengeleg i bokhylla.no  [Illustrert av Eva Storsveen]
  • 1971 – Ljosringen (Oslo: Noregs boklag) Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 1972 – Syskenringen og andre barnedikt (Oslo: Noregs boklag) . ISBN 82-522-0019-2 Tilgjengeleg i bokhylla.no  [Illustrert av Reidar Johan Berle]
  • 1973 – Då dyra samlast til dyreting (Oslo: Noregs boklag) . ISBN 82-522-0025-7 Tilgjengeleg i bokhylla.no  [Illustrert av Eva Storsveen]
  • 1975 – Om alle tre var like- : barnedikt (Oslo: Noregs boklag) . ISBN 82-522-0111-3 Tilgjengeleg i bokhylla.no  [Illustrert av Reidar Johan Berle]
  • 1977 – Doggmorgon og andre barnerim (Oslo: Noregs boklag) . ISBN 82-522-0347-7 Tilgjengeleg i bokhylla.no  [Illustrert av Reidar Johan Berle]
  • 1979 – Guten som vart lokka inn i berget : eit eventyrdikt for vår tid (Oslo: Noregs boklag) . ISBN 82-522-0424-4 Tilgjengeleg i bokhylla.no  [Illustrert av Helge Ness]
  • 1979 – Underlig at jeg er : en antologi (Oslo: Aschehoug) . ISBN 82-031-1746-5 Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 1980 – Den kvite hjorten (Oslo: Noregs boklag) . ISBN 82-522-0445-7 Tilgjengeleg i bokhylla.no  [Illustrert av Reidar Johan Berle]
  • 1981 – Den opne handa (Oslo: Noregs boklag) . ISBN 82-522-0489-9 Tilgjengeleg i bokhylla.no  [Illustrert av Reidar Johan Berle]
  • 1982 – Risen og Busen blir vener (Oslo: Noregs boklag) . ISBN 82-522-0512-7 Tilgjengeleg i bokhylla.no  [Illustrert av Unni-Lise Jonsmoen]
  • 1983 – Bekken syng og andre barnedikt (Oslo: Noregs boklag) . ISBN 82-522-0522-4 Tilgjengeleg i bokhylla.no  [Illustrert av Reidar Johan Berle]
  • 1986 – Morgonglede : barnedikt (Bergen: Eide) . ISBN 82-514-0171-2 Tilgjengeleg i bokhylla.no  [Illustrert av Reidar Johan Berle]
  • 1991 – Min sommerbok (Oslo: Damm) . ISBN 82-517-7769-0 Tilgjengeleg i bokhylla.no  [Av innhaldet: Løynt reir / Jan-Magnus Bruheim]
  • 1992 – Min vårbok (Oslo: Damm) . ISBN 82-517-7822-0 Tilgjengeleg i bokhylla.no  [Av innhaldet: Bekken syng / Jan-Magnus Bruheim]
  • 2003 – Barnebokskatten : nynorsk dikting for barn gjennom 120 år. 3. Dikt og biletbøker (Oslo: Samlaget) . ISBN 82-521-5806-4  [Av Jan-Magnus Bruheim m.fl.]

Notar – utval

  • 1946 – Togni : op. 8 (Drammen: Lyche)  [Torbjørn Knutsen]
  • 1976 – 200 Streili-tonar (Trondheim: Rune)  [Ragnar Streitlien]
  • 1991 – Solmorgon på havet : for blandet kor (Oslo: Norsk musikkforlag)  [Christian Killengreen]

Tonesette dikt av Jan-Magnus Bruheim – utval

  • 2009 – Den kvite hjorten (Lomen: Talik)  [Lydopptak / Tindra med Helge Jordal.]
  • 2014 – Brevet til kjærleiken (Oslo: Grappa)  [Lydopptak / Sigrid Moldestad]

I tidsskrift – eit utval

Tekstar om Jan-Magnus Bruheim

  • 1982 – Å skrive for barn : 17 barnebokforfattarar presenterer seg (Oslo: Samlaget) Tilgjengeleg i bokhylla.no  [Redigert av Tone Birkeland]
  • 2014 – Dikt i utval (Skjåk: Skjåk kommune)  [Av innhaldet: Jan-Magnus Bruheim : forfattarskapen, Bruheimen og Botnane / Magni Øvrebotten, Jan og Jan-Magnus : diktar og bygdekar / Ivar Teigum, Einsemd og draum, ansvar og fellesskap : om Jan-Magnus Bruheims lyriske forfattarskap /Ove Eide, Føreord / Ove Eide, 100 år og like god / Sigrun Eide]
  • 2014 – Jan-Magnus Bruheim – skjebne, psyke, natur : en essayisk (sic) forfølgelse (Oslo: Cogito)  [Forfattar: Ole-Harald Dahl]

Bakgrunnsstoff

janmagnusbruheim.no

Teksten er henta frå Wikipedia, lisensiert under CC-BT-SA