Jakob  Sande

Jakob Sande

Fødd: 1.desember 1906 Dale i Fjaler i Sunnfjord

Død: 16.mars 1967 Oslo

Yrke: Lektor

Sjanger: Dikt, novelle, forteljingar

Born: Siri Sande

Debut: Svarte næter, 1929 . Dikt.

Jakob Sande (1. desember 1906–16. mars 1967) var ein norsk forfattar og visesongar. Han vart fødd i Dale i Fjaler kommune i Sunnfjord. Sande debuterte i 1929 med diktsamlinga Svarte næter.

Jakob Sande avla Cand.philol.-eksamen i 1932, og reiste deretter til sjøs. I 1935 vart han lektor i Fredrikstad, og etter andre verdskrigen arbeidde han som lektor i Oslo. I 1963 slutta Sande som lærar og byrja skrive på heiltid. Han fekk eit stipend på 15 000 kroner og var lova den same summen for dei neste to åra.

Jakob Sande henta det meste av stoffet frå sjømannslivet og livet i vestlandsbygdene. Dikta han skreiv vekslar mellom burlesk og til tider grotesk humor (til dømes i «Kallen og katten» og «Likfunn») til sterkt kjensleladde dikt som «Fløytelåt» og «Vesle Daniel». Jakob Sande har og skrive seg inn i salmebøker med «Det lyser i stille grender», «Salme» og «Åndeleg sjømannssong».

Heider

Til minne om Jakob Sande vart det i 2001 avduka ein statue av Vesle Daniel i Dale sentrum. Daniel er ein sentral person i to av Sande sine dikt. Statuen er utforma av Sivert Donali. I 1966 vart det avduka ei byste av forfattaren, og Sande var sjølv til stades ved denne markeringa. Bysta står i dag ved Fjaler Ungdomsskule.

Jakob Sande-selskapet vart stifta i 1991 i Dale. Bak stiftinga stod Jakob Sande-vener frå heile Noreg.

Innspelingar og framsyningar

Mange av Jakob Sande sine dikt er blitt til kjende og kjære songar. På 1950-talet gjorde «Radiofantomene», Kurt Foss og Reidar Bøe mange fine innspelingar med dikt av Jakob Sande, som «Fabel», «Tusselåt» og «Stubb» (1951), «Fantefylgje» (1953), «Flyttelasset», «Kallen og katten», «Ola Jungmann» og «Sjømannsvise» (1954), «Da Daniel drog», «Musa i orgelet» (1956), «Kleppe-Marit» og «Den vesle jenta og folungen» (1957) og «Grannar» (1957).[1]

Jon Eikemo fekk Spellemannprisen 1979 i opa klasse for albumet Leser Jakob Sande.

I 1991 kom Jon Eikemo med framsyninga «Jakob Sande & Jon Eikemo, trur eg…», som vart ein stor suksess på Det Norske Teatret i Oslo, Den Nationale Scene i Bergen og seinare på turnè i 1991-1992. Tekstane var sett saman av Vidar Sandem og musikken av Egil Monn-Iversen. Eikemo fekk kritikarprisen i 1992 for framsyninga.

Seinare har både Aftenlandet og Jubelhornet vore med å gjere Jakob Sande sine dikt kjende gjennom musikken. Ein annan som har tonesett og gjeve ut CD med tekstar av Jakob Sande er den færøyske visesongaren Hanus G. Johansen.

2006 var hundreårsjubileum for Jakob Sande, og det vart feira gjennom heile året.

Bibliografi

  • 1964 – Hestevrinsk og fløytelåt (Oslo: Samlaget) I fulltekst ved nb.no  [Medforfattar: Ivar Medaas. Illustratør: Unni-Lise Jonsmoen. Medverkande: Geirr Tveitt]
  • 1965 – Dikt i samling (Oslo: Gyldendal) . ISBN 8205026394 I fulltekst ved nb.no  [Tredje utgåve]
  • 1971 – Dikt og forteljingar (Oslo: Gyldendal) . ISBN 8205003785 I fulltekst ved nb.no  [Ved Herbjørn Sørebø. Serie: Gyldendals skoleutgaver]
  • 1974 – Då Gud heldt fest i Fjaler (Stabekk: Den norske bokklubben) . ISBN 8252502539 I fulltekst ved nb.no  [Dikt i utval ved Hartvig Kiran]
  • 198? – Jakob Sande-dikt (Sogn og Fjordane: E. Helgheim & J. Alisøy) I fulltekst ved nb.no  [Medverkande: Edvin Helgheim og Jørgen Alisøy]
  • 1992 – Sjømannen Jakob Sande : brev og dikt (Oslo: Samlaget) . ISBN 8252139736 I fulltekst ved nb.no  [Utgjeving i samarbeid med Jakob Sande-selskapet]
  • 1993 – Noveller i samling (Oslo: Gyldendal) . ISBN 8205215332 I fulltekst ved nb.no
  • 1996 – Jakob Sande : et lite utvalg dikt (Bergen: Bergen faktorforening) . ISBN 8291372039 I fulltekst ved nb.no
  • 1998 – Å, eingong å vakne : dikt i utval (Oslo: Gyldendal) . ISBN 8205255024 I fulltekst ved nb.no

I tidsskrift – eit utval

Tekstar om Jakob Sande

Prisar

  • 1952 Gyldendals legat
  • 1966 Doblougprisen

Referansar

Bakgrunnsstoff

Teksten er henta frå Wikipedia, lisensiert under CC-BT-SA