Ivar Rusti

Fødd: 10. februar 1905

Død: 16. november 1997

Yrke: skribent

Ivar Andreasson Rusti (10. februar 1905–16. november 1997) var ein norsk småbrukar, redaktør, målar, bokbindar, bibliotekstyrar og forfattar frå Sogndal. Han var redaktør for bladet Solsprett som kom ut i Sogndal frå 1939 til 1949. Ivar Rusti var saman med Per Hilleren redaktørar for eit blad som heitte Sygnabladet og som vart starta i 1967 som ei «sogndalsk motvekt» mot det redaktøren i S/SA på den tida, den kontroversielle Hans Arnesen, skreiv i si avis. Sygnabladet kom berre ut eit halvt års tid.
Ivar Rusti var styrar for Sogndal folkeboksamling.

Bibliografi

Bøker

  • 1943 – Ættargarden og andre forteljingar (Vik: Eige forlag)
  • 1988 – Ho Åse frå Høgelid ; Menn me bør minnast ; Ferdaminne (Sogndal: Eige forlag)

I bøker – eit utval

  • 1930 – Bar og blom : til upplesing i ungdomslag. 2. samlingi (Oslo: Olaf Norli) I fulltekst ved nb.no  [Samla av Johan Austbø ; Av innhaldet: Ho Nikolina / Ivar Rusti, s. 126-127]

I tidsskrift – eit utval

Kjelder


Teksten er henta frå Wikipedia, lisensiert under CC-BT-SA