Ingrid  Bjørkum
string(19) "Ingrid_Bjørkum.png" string(15) "Ingrid_Bjørkum"

Ingrid Bjørkum

Fødd: 19. februar 1957 Drøbak

Ingrid Bjørkum (fødd 19. februar 1957 i Drøbak) er ein norsk forfattar. Ho vaks opp i Naddvik i Årdal, og er busett i Leikanger. Ho har eksamen i ressursøkonomi ved Norges Landbrukshøgskole 1980. Bjørkum har vore tilsett i Akerhus fylkeskommune, i planavdelinga i Sogn og Fjordane fylkeskommune, kontorsjef ved Fylkesarbeidskontoret i Sogn og Fjordane, likestillingskonsulent same stad, underdirektør ved fylkestrygdekontoret i Sogn og Fjordane, miljøvernsjef hos Fylkesmannen i Sogn og Fjordane 1995-1997 og ass. fylkesmann same stad frå 1997. Ho vart tilsett som avdelingsdirektør i Direktoratet for forvaltning og IKT i 2008. Bjørkum er seniorrådgivar i Difi.

Ingrid Bjørkum gav 1993 ut ungdomsromanen Mias dagbok (Samlaget), og har elles skrive fleire høyrespel for NRK. Ho er søster til Hilde Bjørkum.

Bibliografi

Bøker

  • 1993 – Mias dagbok (Oslo: Samlaget) . ISBN 82-521-4221-4 Tilgjengeleg i Bokhylla.no
  • 1995 – Mia og Mari  [dramatikk]
  • 1996 – Jonas og jakta på T. Rex  [dramatikk]

I bøker – eit utval

  • 1995 – Vengeslag : 10 år Sogn og Fjordane skrivelag 1985-1995 (Nordfjordeid: Sogn og Fjordane skrivelag) . ISBN 82-993603-0-7 Tilgjengeleg i Bokhylla.no  [Av innhaldet: Frost og Eit møte / Ingrid Bjørkum, s. 14-17]
  • 2005 – Tankar møtest : antologi 2005 ( Sogn og Fjordane skrivelag)  [Av innhaldet: Ettertid / Ingrid Bjørkum, s. 14-20]
  • 2016 – Sukkersalta pepar, antologi frå Sogn og Fjordane skrivelag – inneheld novelle og dikt av IB ( Sogn og Fjordane skrivelag)  [Av innhaldet: Reise og Den skeive dagen / Ingrid Bjørkum, s. 52-61]

I tidsskrift – eit utval

Kjelder

Teksten er henta frå Wikipedia, lisensiert under CC-BT-SA