Ingolf Austgulen (fødd 1925) er frå Gulen i Sogn og Fjordane. Han er busett i Bergen, og han har vore handelsmann heile sitt yrkesaktive liv.

Han har skrive bøker og lokalhistoriske artiklar med stoff frå Gulen.

Bibliografi

Bøker

  • 1984 – Verdt å minnast : Brandangersundet gjennom 100 år (Ulset: Eige forlag)
  • 1985 – Dei tok sin tørn : pensjonistar frå Gulen fortel (Bergen: Eige forlag) . ISBN 82-991365-0-4 Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 1995 – Kystfolket ofra mest : krigsminner frå Gulen og Brekke : krigsåra 1940 – 1945 (Eivindvik) . ISBN 82-991365-1-2 Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 2002 – Det stig av hav – : Mjømna og øyene
  • 2003 – Varehandel i Kyst-Norge : då Gulen og Brekke hadde 30 butikkar : butikken, dampen, kaien : mange jern i elden : handelsmenn skapte verdier i bygdesamfunnet, og var med å forma framtida : butikken med litt av alt – og kanskje noko attåt på sjøbua
  • 2006 – Gulen rundt : i tekst og bilder (Ulset: Eige forlag)
  • 2007 – Båtar med sjel. 2. 67 fiske- og fraktebåtar frå Sogn og Fjordane (Førde: Selja Forlag) . ISBN 978-82-91722-81-8  [Medforfattarar: Malvin Toft, Hans H. Steinsund, Jan Petter Hoddevik og Magnus Helge Torvanger]
  • 2007 – Hytteliv i Gulen : ferieparadis i vest (Ulset: Eige forlag)

Kjelder

  • Båtar med sjel. 2. 67 fiske- og fraktebåtar frå Sogn og Fjordane, side 8

Bakgrunnsstoff

Teksten er henta frå Wikipedia, lisensiert under CC-BT-SA