Idun  Anderssen  Husabø
string(26) "Idun_Anderssen_Husabø.jpg" string(22) "Idun_Anderssen_Husabø"

Idun Anderssen Husabø

Fødd: 1980

Idun Anderssen Husabø (fødd 1980 i Leikanger) er ein norsk forskar og forfattar og busett i Sogndal. Ho har cand. mag. i samfunnsvitskap frå Universitetet i Bergen, graden MSc Asian Politics frå School of Oriental and African Studies ved University of London. Frå 2003-2005 var Husabø journalist i NRK Sogn og Fjordane, i 2004/2005 var ho i Kina i regi av Fredskorpset og Røde Kors Nordisk United World College. I 2006 vart ho tilsett som trainee i Vestlandsforsking i Sogndal, der ho seinare vart forskar. I 2011 vart ho tilsett som rådgjevar i Distriktssenteret i Sogndal.

Husabø har mellom anna skrive tekstane i bøkene Kjartan Slettemark – kunsten å falle (Skald 2009) med foto av Brita Olsson og i Balestrand (Skald 2011) med foto av Knut Bry.

Husabø er dotter til Anders Anderssen.

Bibliografi

  • 2008 – Exit war, enter climate : institutional change and the introduction of climate adaptation in Norways public system of civil protection (Sogndal: Vestlandsforskning) . ISBN 9788242802866
  • 2009 – Kjartan Slettemark : kunsten å falle (Leikanger: Skald) . ISBN 978-82-7959-123-8  [Foto av Brita Olsson]
  • 2010 – Ekstremvêrhendingar : erfaringsgrunnlag for klimatilpassing hos fylkesmannen (Sogndal: Vestlandsforskning) . ISBN 9788242802996
  • 2011 – Balestrand (Leikanger: Skald) . ISBN 978-82-7959-162-7  [Foto av Knut Bry]
  • 2013 – Det fleirspråklege Noreg (Leikanger: Skald) . ISBN 978-82-7959-190-0  [Foto av Oddleiv Apneseth ; tekstar av m.a. Marita Liabø, Marie Havnen, Idun A. Husabø, An-Magritt Lindtner, Oddrun Midtbø, Katrine Sele og Øystein Vangsnes]

Kjelder


Teksten er henta frå Wikipedia, lisensiert under CC-BT-SA