Idar  Stegane
string(16) "Idar_Stegane.jpg" string(12) "Idar_Stegane"

Idar Stegane

Fødd: 28. februar 1940 Flora

Idar Stegane (fødd 28. februar 1940) er ein norsk professor og forfattar som særleg har teke for seg norsk og nordisk litteratur.

Stegane er fødd i Eikefjord i Flora kommune, busett i Bergen, der han tok mellomfag i tysk (1966) og norsk (1967), og grunnfag i allmenn litteraturvitskap (1968) ved universitetet. Same staden tok han magistergraden i litteraturvitskap i 1971, med ei oppgåve om Olav H. Hauge si dikting. I 1993 tok Stegane doktorgraden i nordisk litteraturvitskap, med avhandlinga Det nynorske skriftlivet. Studiar i framvoksteren av ei nynorsk litterær offentlegheit.

Før Stegane byrja det akademiske livet, arbeidde han ein periode på gard, og som skogsarbeidar og sildefiskar. I 1964 var han lærarvikar ved Flora folkeskule. Frå 1971 til 1972 var han lektor ved Firda offentlege landsgymnas på Sandane. Han var vitskapleg assistent ved Universitetet i Bergen i 1977, før han blei stipendiat og seinare førsteamanuensis same staden, mellom 1986 og 1993. Frå 1993 til 2007 var Stegane professor i nordisk litteratur, og han er no professor emeritus.

Stegane har skrive og har vore redaktør for fleire bøker. Olav H. Hauges dikting (1974) er ein lettare omarbeidd versjon av magisteravhandlinga og eit viktig bidrag til forskinga på Hauge si dikting. I 1983 gav Stegane ut ei bok om den unge forleggjaren og bokhandlaren Mons Litleré, med tittelen Mons Litlerés forlag. I 1995 redigerte han festskriftet Ord om ordkunst. Til Asbjørn Aarseth på 60-årsdagen, saman med Atle Kittang. Han har òg vore medredaktør for antologien Norske tekster. Lyrikk (1998), og saman med Hadle Oftedal Andersen redigerte han Modernisme i nordisk lyrikk i 2005. I 2010 kom artikkelsamlinga Artiklar om litteratur.

Bibliografi

Bøker

  • 1974 – Olav H. Hauges dikting : frå «Glør i oska» til «Dropar i austavind» (Oslo: Noregs boklag) . ISBN 82-522-0028-1 Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 1974 – Kjærleikens ferjereiser : roman (Oslo: Samlaget) . ISBN 82-521-0482-7 Tilgjengeleg i bokhylla.no  [Av Edvard Hoem. Skoleutg. ved Idar Stegane]
  • 1978 – Dikt og artikler om dikt : til Olav H. Hauge på 70-års dagen (Oslo: Noregs boklag) . ISBN 82-522-0397-3 Tilgjengeleg i bokhylla.no  [Redaksjonsnemnd: Idar Stegane, Atle Kittang, Bjarte Birkeland]
  • 1978 – Sunnhordlandsdiktarar (Oslo: Samlaget) . ISBN 82-521-0787-7 Tilgjengeleg i bokhylla.no  [Redigert av Idar Stegane]
  • 1980 – Kvinner i nynorsk prosa (Oslo: Samlaget) . ISBN 82-521-1785-6 Tilgjengeleg i bokhylla.no  [Redigert av: Inger Lise Breivik, Kari Bråtveit, Anne-Marie Midtbø, Aslaug Nyrnes, Idar Stegane og Helga Thorsen]
  • 1981 – Vendepunkt : 14 noveller for ungdom (Oslo: Cappelen) . ISBN 82-02-01781-5 Tilgjengeleg i bokhylla.no  [Redaktør: Idar Stegane ; illustrasjonar Oddvar Torsheim]
  • 1983 – Mons Litlerés forlag : eit pionertiltak i nynorsk forlagsdrift (Oslo: Samlaget) Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 1984 – Mot ei nynorsk litterær offentlegheit 1850-1915 (Bergen: Nordisk institutt, Universitetet i Bergen) Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 1987 – Det nynorske skriftlivet : nynorsk heimstaddikting og den litterære institusjon (Oslo: Samlaget) . ISBN 82-521-2632-4 Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 1994 – Norsk litteratur i tusen år : teksthistoriske linjer (Oslo: Cappelen) . ISBN 82-02-12830-7  [Med Bjarne Fidjestøl, Peter Kirkegaard, Sigurd Aa. Aarnes, Asbjørn Aarseth, Leif Longum, Idar Stegane]
  • 1997 – Artiklar, kritikk, forteljingar og brev (Bergen: Eide) . ISBN 82-514-0516-5  [Med Bolette Christine Pavels Larsen. Presentasjon og utval ved Idar Stegane]
  • 1998 – Norske tekster : lyrikk (Oslo: Cappelen) . ISBN 82-02-14220-2  [Redigert av: Idar Stegane, Eiliv Vinje, Asbjørn Aarseth]
  • 2009 – Artiklar om litteratur (Bergen: Alvheim & Eide akademisk forlag) . ISBN 82-90359-81-0  [Redigert av: Pål Bjørby. Utgitt i anledning av forfattaren sin 70-årsdag]
  • 2012 – Poesi postmillennium : lyrikk i første tiåret av 2000-talet (Bergen: Alvheim & Eide akademisk forlag) . ISBN 978-82-90359-86-2  [Redigert av: Idar Stegane og Ingrid Nielsen. Serie Modernisme i nordisk lyrikk ; 5]
  • 2013 – Johan Tufteland : dikt og prosa i utval (Bergen: Bodoni) . ISBN 978-82-7128-677-4  [Redigert av: Idar Stegane og Reidar Storaas]
  • 2015 – Kjære Tomasine! : brev til Tomasine Tolleivsdotter Vasset frå 1902 til 1931 (Bergen: Alvheim & Eide Akademisk forlag) . ISBN 978-82-90-359-93-0  [Redigert av: Idar Stegane]

I bøker – eit utval

  • 2008 – Tid å hausta inn : 31 forfattarar om Olav H. Hauge (Oslo: Samlaget) . ISBN 978-82-521-7202-7  [Redigert av: Bodil Cappelen og Ronny Spaans. Av innhaldet: Diktferd i Fjordane / Idar Stegane]

I tidsskrift – eit utval

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Teksten er henta frå Wikipedia, lisensiert under CC-BT-SA