Hjelp til søking

Du kan finne fram til forfattaromtaler på fleire ulike måtar

Søkefeltet

Her kan du søke på eitt eller fleire ord du ønskjer skal vere i forfattaromtalen. Dette er eit fritekstsøk, og det blir søkt både på heile ord og delar av ord.

Døme:
Søkjer du på Årdal, kan du få treff på
– omtaler der namnet Årdal er nemnd, anten det er stadnamn eller forfattarnamn
– tekstar der årdal er del av namn eller ord i omtalen, som t.d. Vårdal eller Årdalstangen.

Du kan søke på eitt eller fleire enkeltord eller på ein frase (fleire ord som står etter kvarandre).

Døme:
Søker du på Jakob Sande, vil du få treff på tekstar der begge desse orda førekjem (eller dei er del av ord), men ikkje nødvendigvis attmed kvarandre. Søkjer du på «Jakob Sande» (altså med hermeteikn), vil du få treff på tekstar der akkurat denne ordsamansetninga står.
Frasesøk kan vere nyttig om du t.d. søker etter ein spesiell boktittel. Søker du etter «Ete fysst», vil du få opp treff der denne tittelen er nemnd.

Avansert søk

I Avansert søk/Avgrens på finn ein kategoriane Sjanger, Fødselsår, Kjønn og Kommune. Dette søket kan brukast på to måtar: Du kan gjere eit søk der du søker etter ulike kombinasjonar av kategoriar, eller du kan ta utgangspunkt i eit søk du alt har gjort og avgrense ved hjelp av kategoriane. I begge tilfelle kryssar du av for det du ønskjer å søke/avgrense på innan kvar kategori.

Fleire kryss innan ein kategori betyr treff på alle forfattarar som er registrert med ein eller fleire av desse underkategoriane. Kryssar du av for fleire kategoriar får du berre treff på forfattarar som er registrert med denne kombinasjonen av kategoriar.
Dette betyr at fleire avkryssingar innan ein kategori gir fleire treff, kombinasjon av fleire kategoriar gir innsnevring av treffa og færre resultat.

Når du har fått ei treffliste kan du gjere vidare avgrensingar, eller endra avgrensingane du alt har gjort.

Døme:
– Du kryssar av for Leikanger og Sogndal. Du får opp ei (ganske lang) liste over alle forfattarane som har tilknyting til ein eller begge kommunane.
– Du kryssar av for kommunane Leikanger og Sogndal, men avgrensar også på sjanger Barne- og ungdomslitteratur og fødselsår 1950-1999. Då får du berre opp forfattarar som er registrerte med tilknyting til Sogndal eller Leikanger, og som samstundes har skrive for barn og unge og er fødde mellom 1950 og 1999.

Kart

Du kan finne forfattarar frå ein spesiell kommune ved å klikke på kartet. Du kan også velje kommune eller region frå rullegardinmenyane.

Lister

Det er laga fleire ferdige lister, der du får oversikt over forfattarar inndelte etter ulike kriterium:

  • Sortert alfabetisk – forfattarar lista alfabetisk etter etternamn.

Mange forfattarar er knytte til fleire kommunar og har skrive i ulike sjangrar, og dei vil dermed vere med på fleire lister.