Hjalmar  Christensen
string(37) "Hjalmar_Christensen_by_Lars_Jorde.png" string(33) "Hjalmar_Christensen_by_Lars_Jorde"

Hjalmar Christensen

Hjalmar Christensen måla av Lars Jorde (1919).

Hjalmar Christensen (fødd 5. mai 1869 i Førde i Sunnfjord, død 29. desember 1925 på Haukeland sjukehus i Bergen) var ein norsk forfattar og kritikar. Som ung tilhøyrde han den unge forfattargenerasjonen frå 1890-talet då han skreiv ei rekke viktige litteraturhistoriske arbeid som framleis har interesse. Seinare i livet skreiv han mange kulturhistoriske arbeid, både i fag- og skjønnlitterær form.

Slekt

Førde. Frå Christian Tønsbergs Norge fremstillet i Tegninger (1848).

Christensen stamma frå ein gamal embetsmannsfamilie med særlege røter i Bergenshus amt. Farfaren, kaptein Mads Christensen hadde overteke garden Skei ovanfor Førde kyrkje i Sunnfjord etter svigerfaren, oberstløytnant Thomas Fasting (død 1821), og overlét han i sin tur til Hjalmar Christensen sin far, kaptein og amtsingeniør Michael Christensen (død 1895). Mora, Fredrikke Sophie Elster, hadde også røter i Sunnfjord, ho var dotter av sorenskrivaren i Sunnfjord. Ho var dessutan søster av Kristian Elster d.e.. Hjalmar Christensen sin bror, Ingolf (1872–1943), vart statsråd i Ivar Lykke si regjering.

Studiar, tidleg forfattarskap

Eg hugsar det første brevet som kom ifrå Bergen; det fortalde om at det året hadde det gått ut ifrå Katedralskolen der ein student som ein kunne vente seg reint uvanleg mykje av, — han heitte Hjalmar Christensen. Han kom da òg til å skrive somt som fekk varig verd; men dei store vonene kameratane hadde sett til han, vart ikkje oppfylt.

Etter å ha gått på skule i Bergen, der den seinare litteraturprofessoren Gerhard Gran var mellom lærarane, vart Hjalmar Christensen student i 1887. Først studerte han klassisk filologi og historie, seinare jus, og vart cand. jur. i 1892. Han kom likevel aldri til å ha noko embete, for han hadde allereie slått inn på vegen som forfattar. Christensen si studenttid fall saman med at ei ny tid braut inn i kulturlivet; i 1890 vann nyromantikken.

Hjalmar Christensen (til høgre) og Gunnar Heiberg. Karikatur av Andreas Bloch frå 1897.

Christensen hadde alt i 1889 gjeve ut si første forteljing, En frisindet. Et nutidsbillede. I 1891 kom novellesamlinga Mat blod («Matt blod»), der han skildrar tidas dekadanse. Som tittelen antydar er han mildt kritisk til fenomenet. Dekadanse i norsk samanheng er «utenpåklistret», hevda han. Året etter forsøkte han seg med eit skodespel, Loths hustru. I 1893 kom skodespelet En seirherre, som skildrar brytingane mellom det nye borgarskapet og den gamle embetsmannskonservatismen. Romanen Bastarder (1894) var eit oppgjer med bohemane, medan skodespelet Folkets tjener var ein satire over demokratiet. I 1895 utgav han saman med Vilhelm Dons og Hugo Mowinckel under pseudonymet «Adolescentulus Olsen», den parodiske diktsamlinga Rythmeskvulp, der «nyromantikerne», særleg Vilhelm Krag, men også Halvdan Christensen og Obstfelder får passa sine påskrivne. Christian Sinding sette musikk til tre av dikta same år (Opus 29) og dei vart fremførte ved fleire høve i Kristiania av skodespelaren [[Ragna Wettergren## til stor jubel.

Christensen var også ein svært habil litteraturkritikar. I 1894 utgav han Unge nordmænd, der han skreiv om ei rekke unge norske forfattarar: Vilhelm Krag, Knut Hamsun, Gabriel Finne, Thomas Krag, Hans E. Kinck, Jacob Hilditch og Hans Aanrud. Året etter, i Nordiske kunstnere, stilte han seg positiv til heimstaddiktninga ut i frå eit kunstsyn som hevda at ein måtte ha djup kjennskap til det tema ein skreiv om, dersom det skulle bli god kunst. Det gjaldt både dei førande internasjonale retningar og tankar i tida, og det miljø ein skulle skildra. Alt i 1894 skreiv Christensen ei prislønna avhandling i magasinet Samtiden om Arne Garborg som «Jærbu og Europear». Ingen hadde som Garborg makta å føra dei to momenta saman i si dikting, meinte Christensen. Garborg var også den som hadde makta å skriva den einaste verkelege dekadanseromanen i norsk litteratur: Trætte Mænd.

Frå 1893 til 1898 var Christensen instruktør ved Christiania Theater, og i 1898 søkte han stillinga som professor i nordisk litteratur ved universitetet i Kristiania. Stillinga gjekk til hans gamle lærar, Gerhard Gran. Christensen vart tilbydd å førelesa i Bergen og gjorde det i fleire år samstundes med at han arbeidde på doktorgradsavhandling om Gustave Flaubert. Han livnærte seg ved sida av som litteratur- og teaterkritikar, journalist og forfattar. Han levde eit «bohemliv» i Kristiania saman med vener som Carl Nærup, Nils Kjær og Sigurd Bødtker, men han kunne ofte trekka seg tilbake til garden i Sunnfjord, der han hadde ei diktarstove. [1]

Kulturhistoriske arbeid

Ei utgåve av Fogedgaarden frå 1933.

I åra omkring århundreskiftet arbeidde Christensen mykje med nyare norsk historie. Forskningssperioden hans var tida mellom 1840 og 1870. I 1899, i høve professoratet, utgav han Streiftog i Oplysningstiden og Af det norske aandslivs historie i det 19de aarhundrede. Hovudverket er Det nittende aarhundredes kulturkamp i Norge (1905). Som motto for boka valde han eit Schweigaard-sitat: «Ikke over, hvad vi ere, men over, hvad vi kunne vorde, skulle vi være stolte.» Den kritiske og aktivt verkande Schweigaard er då også Christensen sitt ideal for nordmennene, medan han åtvarar mot fanatismen i lekmannskristendomen og avholdssaka. I 1902 tok Christensen doktorgraden med avhandlinga «Gustave Flaubert. En studie over fransk romantikk og realisme». Seinare gav han ut fleire bøker om litteraturkritikk, som Vort litterære liv (1902) og Danske digtere i nutiden (1904).

Utover 1900-tallet utgav Christensen ei rekke romanar med kulturhistorisk innhald. Dei vart innleia av novellesamlinga I unge aar (1905) og den sjølvbiografiske Et liv (1909), før hans kanskje mest kjende verk, Fogedgaarden, kom i 1911. Fogedgaarden skildrar livet på ein embetsmannsgard på Vestlandet gjennom perioden frå 1839 til 1890, altså omtrent den same perioden som han før hadde skildra i sine kulturhistoriske arbeid. Brødrene (1912) skildrar 1870-åra, og Den gamle bygd (1913) og Den nye bygd (1914) skildrar industrialiseringen i tida etter 1905. I Tuntræet (1917) og Dæmring (1918) gjekk Christensen tilbake til opplysningstida og foreininga med Danmark.

1. verdskrig

Politisk var Christensen konservativ. Han var knytta til embetsstanden sine tradisjonar, og han var bekymra for den personlege fridomen i ei tid som vart meir og meir prega av massedemokrati. Alt i skodespelet Folkets tjener (1895) hadde han påpeika faren som fleirtalsstyret innebar for den personlege fridomen, og i 1902 skreiv han ein satire over norsk partipolitikk.

Christensen var, som mange andre norske intellektuelle av sin generasjon, sterkt knytta til Tyskland. Men også Frankrike stod han nær. England hadde han ikkje noko særlig nært forhold til (Dale 1974). Den første krigshausten retta han skarpe angrep mot Gunnar Knudsen si Venstre-regjering i eit føredrag i Det Norske Studentersamfund, «Aarets politiske lærdomme for os».[2][3] Saman med broren, amtmann Ingolf Christensen, skreiv han Fædrelandet i verdenskrigens lys (1916) som i detalj viser på kva måte ein burde byggja opp Noreg sitt forsvar. I bøkene Før og nu (1915) og Den hvide races selvmord (1916) uttrykte han bekymring for Europa si framtid. Etter Tyskland sitt nederlag skreiv han skodespelet Professor Marga (1920).

I dei siste åra før han døydde skreiv Christensen Byzanz-Balkan (1923), ei skildring frå Balkan, og satiren Klostret paa Undrum (1924).

Utmerkingar

Hjalmar Christensen har fått Hjalmar Christensenvegen i Førde oppkalla etter seg.

Bibliografi

Bøker

  • 1891 – Mat blod (Kristiania: Norli)
  • 1892 – Loths hustru : skuespil i fire akter (Kristiania: Norli)
  • 1899 – Af det norske aandslivs historie i det 19de aarhundrede. 1: Nicolai Wergeland (Bergen: Grieg) Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 1902 – Gustave Flaubert : en studie over fransk romantik og realisme (Kjøbenhavn: Gyldendal)
  • 1904 – Danske digtere i nutiden (Kristiania: Gyldendalske Boghandel)
  • 1907 – Bergen og dens mænd : et bidrag til Bergens indsats i norsk kulturhistorie gjennem halvandethundrede aar (Bergen: Grieg)
  • 1909 – Et liv (Kristiania: Aschehoug)
  • 1913 – Din egen herre : skuespil i fire akter (Kristiania: Aschehoug)
  • 1916 – Den hvide races selvmord (Kristiania: Aschehoug)

I tidsskrift – eit utval

Kjelder

  1. «Prestegarden på Skei». Fylkesleksikon Sogn og Fjordane
  2. Det Norske Studentersamfund gjennom 150 år, s. 150. Oslo: Aschehoug, 1963
  3. Vogt, Per: Jerntid og jobbetid. Ei skildring av Norge under verdskrigen, s. 31–32. Oslo: Johan Grundt Tanum, 1938.
  • Winsnes, A.H.: Norsk litteraturhistorie, bd. 5. Oslo: Aschehoug, 1961. nb., dette er eit feilsitat frå Winsnes side
  • Salmonsens konversationsleksikon, bd. 4. København: J. H. Schulz, 1916. «Christensen, Hjalmar» [1]

Bakgrunnsstoff

Teksten er henta frå Wikipedia, lisensiert under CC-BT-SA