Hermann  Starheimsæter
string(26) "Hermann_Starheimsæter.jpg" string(22) "Hermann_Starheimsæter"

Hermann Starheimsæter

Fødd: 2. august 1950 (66 år) Lærdal

Yrke: Forfattar

Periode: 1980 –

Debut: Lungeblæretre, dikt

Nettstad: hermann-star.com

Hermann Starheimsæter (fødd 2. august 1950 i Lærdal)[1] er ein norsk forfattar.

Biografi

Han debuterte i 1980 med diktsamlinga Lungeblæretre. Han har sidan gjeve ut tre diktsamlingar til, ei novellesamling og to barnebøker. Den tospråklege dikt/fotoboka Steinskuggar/Stoneshadows (1991) som han gav ut saman med fotograf Jens Hauge og omsetjar Robin Fulton, vert av mange rekna som eit høgdepunkt i sin sjanger. Dei seinare åra har Hermann Starheimsæter markert seg mest som romanforfattar. For sin fyrste roman, den gripande barneskildringa Han gjorde det (1990) fekk han fleire prisar. Han har sidan gjeve ut fire romanar til, og utvida sitt formelle og språklege register for kvar bok. I romanane sine skildrar Starheimsæter gjerne det pressa sinn, samanbrot, abnorme sjelstilstandar. Ikkje minst gjeld dette dei to siste romanane hans, Nordvegen (2003) og Nattbussen (2007). Desse bøkene er dei fyrste i ein større serie om språk og galskap.

Blant litteraturkritikarar er Hermann Starheimsæter kjent for si evne til å skildra sansingar og «mimoseaktige» sinnsstemningar. Han får ofte ros for sine språklege kvalitetar. «Språkleg kraftverk» er ord som vart brukt om siste boka hans.

Starheimsæter er busett i Sykkylven.

Bibliografi

Bøker

  • 1980 – Lungeblæretre (Oslo: Aschehoug) . ISBN 8203103081 Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 1986 – Neslesommarfuglen (Oslo: Aschehoug) . ISBN 8203153798 Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 1988 – Knutepunkt (Oslo: Aschehoug) . ISBN 8203160301 Tilgjengeleg i bokhylla.no:
  • 1990 – Han gjorde det : roman (Oslo: Aschehoug) . ISBN 8203163890 Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 1991 – Steinskuggar/Stone-shadows (Oslo: Samlaget) . ISBN 82-521-3783-0 Tilgjengeleg i bokhylla.no  [Fotografi Jens Hauge. Omsetjingar Robin Fulton]
  • 1993 – Det trettande bilete : roman (Oslo: Aschehoug) . ISBN 8203170277 Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 1995 – Rom bak rom bak : dikt (Oslo: Aschehoug) . ISBN 8203175848 Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 1997 – Som om eg ikkje hugsar : roman (Oslo: Aschehoug) . ISBN 8203178987 Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 1999 – Bang! sa Big : (og slik vart det) (Oslo: Aschehoug) . ISBN 8203243045 Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 2000 – Den svarte Audien (Førde: Selja forlag) . ISBN 8291722129 Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 2003 – Nordvegen (Oslo: Aschehoug) . ISBN 82-03-18709-9
  • 2004 – Hans Gjesme : landskap og portrett (Leikanger: Skald forlag) . ISBN 82-7959-042-0  [Medforfattar: Hermann Starheimsæter]
  • 2007 – Nattbussen : roman (Oslo: Aschehoug) . ISBN 978-82-03-19258-6
  • 2012 – Der nåden finst : roman (Oslo: Samlaget) . ISBN 978-82-521-8179-1

I bøker – eit utval

  • 1990 – Tornado og andre noveller for barn (Oslo: Samlaget) . ISBN 82-521-3538-2 Tilgjengeleg i bokhylla.no  [Av innhaldet: Kano / Hermann Starheimsæter, s. 64-75]
  • 1991 – Signaler ’91 (Oslo: Cappelen) . ISBN 82-02-13293-2  [Redaktør: Lars Saabye Christensen. Av innhaldet: Sidekammerset ; Kniven / Hermann Starheimsæter, s. 170-171]
  • 2001 – Angstens poesi (Oslo: Damm forlag) . ISBN 82-517-8429-8  [Av innhaldet: Heilt naken/Hermann Starheimsæter]
  • 2002 – Under bergfall : mine kjæraste dikt (Oslo: Samlaget) . ISBN 82-521-5970-2  [Av innhaldet: Ordet stein ; Monument ; Løa ; Portrett / Hermann Starheimsæter]

I tidsskrift – eit utval

Utmerkingar

  • Sunnmørsprisen 1990 for Han gjorde det, roman
  • Mads Wiel Nygaards legat 1990
  • Melsom-prisen 1991

Referansar

  1. «Hermann Starheimsæter (02.08.1950)». forfatterkatalogen.no. Vitja 29. november 2016.

Bakgrunnsstoff


Teksten er henta frå Wikipedia, lisensiert under CC-BT-SA