Herbjørn  Sørebø

Herbjørn Sørebø

Fødd: 25.april 1933 Guddal i Fjaler i Sunnfjord

Død: 29.mars 2003 Lørenskog, Akershus

Yrke: Journalist, forfattar, kåsør

Sjanger: Faglitteratur, biografiar, romanar, dikt

Debut: Minuttdemokratiet (1970 )

Herbjørn Sørebø (25. april 1933–29. mars 2003) var ein politisk journalist, kåsør og kommentator frå Guddal i Fjaler i Sunnfjord. Sørebø var ei stund redaksjonssekretær i Norsk Barneblad før han byrja i avisa Vårt Land. Sørebø byrja i NRK i 1964. I NRK var han mellom anna sjef for Dagsrevyen. Han var kjend for si karakteristiske dialekt. Mottok Kringkastingsprisen i 1982 for nynorskbruk i media, og Vinjeprisen i 1987 for sin journalistiske innsats.

Sørebø fekk Kongens fortenestemedalje i gull i 2003 nokre dagar før han døydde.

Bibliografi

Bøker

  • 1968 – Ja eller nei til NATO (Oslo: Samlaget) I fulltekst ved nb.no  [Redaktør: Herbjørn Sørebø]
  • 1971 – Slik sprakk koalisjonen : Stormen om statsminister Per Borten (Oslo: Samlaget) I fulltekst ved nb.no
  • 1972 – Ei natt i september : med Trygve Bratteli gjennom EF-natta (Oslo: Samlaget) I fulltekst ved nb.no
  • 1976 – Glade glis i tinget : Sant og usant frå Løvebakken (Oslo: Samlaget) I fulltekst ved nb.no  [Forfattarar: Herbjørn Sørebø, Bjørn Høyem Johansen og Olav Mjaaland]
  • 1980 – Fred og trygghet, brød og frihet : festskrift til Trygve Bratteli på 70-årsdagen (Oslo: Tiden) I fulltekst ved nb.no  [Redaktør: Herbjørn Sørebø]
  • 1982 – Norske smil (Oslo: Samlaget)
  • 1986 – Straffespark i lusekofte : fjernsynte ord gjennom ein vinter (Oslo: Cappelen) I fulltekst ved nb.no
  • 1993 – Store norske smil : humoristiske høgdepunkt 1982-1992 (Oslo: Samlaget) I fulltekst ved nb.no
  • 1995 – Norsk humor (Oslo: Samlaget) I fulltekst ved nb.no  [Redaktørar: Herbjørn Sørebø og Jan Kløvstad]
  • 1996 – Fløytelåt : eit naturlyrisk møte med diktaren Jakob Sande (Oslo: Samlaget) I fulltekst ved nb.no  [Illustratør: Ludvig Eikaas]
  • 1998 – Den som går i genser får ikkje slipset i sausen : aforismar (Oslo: Samlaget) I fulltekst ved nb.no
  • 1999 – Den som er høg i hatten bør ikkje bli i vinden : aforismar (Oslo: Samlaget) I fulltekst ved nb.no
  • 2001 – Jens R. (Oslo: Samlaget)
  • 2003 – Medieliv (Oslo: Samlaget)

I tidsskrift – eit utval

Kjelder

Bakgrunnsstoff


Teksten er henta frå Wikipedia, lisensiert under CC-BT-SA