Henrik Krohn

Fødd: 10. mai 1826

Død: 14. juni 1879

Henrik Krohn (10. mai 1826–14. juni 1879) var ein norsk forfattar og målreisingsmann. Han vart fødd i Bergen, og døydde på Stedje i Sogndal. Han voks opp på Stend i Fana, men flytta i 1866 til Sogndal, der han hadde kjøpt garden Nedre Stedje. Tidlegare, i 1860, hadde han òg kjøpt ein fyrstikkfabrikk der. Henrik Krohn var gift med Johanna Augusta Amstrup.

Målarbeid

Hausten 1865 starta Krohn utgjeving av bladet Ferdamannen, det andre nynorske bladet i Noreg etter Dølen. Dette bladet gjekk fram til januar 1868. Same månad var han med på skipinga av Vestmannalaget i Bergen, det første mållaget i landet, og Krohn var sjølv første formannen i laget, og hadde denne posten i fem år. Vestmannalaget gav ut tidsskriftet Fraa By og Bygd mellom 1870 og 1880, og Krohn var bladstyrar dei første fem åra. Vestmannalaget hadde mykje å seia for at målfolket i Kristiania i 1868 skipa Det Norske Samlaget, og også at det etter kvart vart skipa mållag andre stader i Noreg.

Kontaktar

Mange personlegdomar som arbeidde for norsk mål, norsk kultur, og etter kvart for norsk sjølvstende, var i krinsen omkring Henrik Krohn. Her kan nemnast Kristofer Janson, Aasta Hansteen, Per Sivle (han skal ha vore dreng på Nedre Stedje ein sommar på 1870-talet), Ivar Aasen, Bjørnstjerne Bjørnson og Aasmund Olavson Vinje. Krohn si omsetjing av Bjørnson si forteljing «Et farligt frieri» («Ej faarleg friing»), skal Bjørnson ha verdsett fullt på høgde med sitt eige verk.

Samband med Island

Krohn ivra sterkt for sambandet mellom Island og Noreg. Han meinte at islandsk mål, dikting og kultur ville styrkja norsk mål og den åndelege framvoksteren i Noreg. Han hjelpte til så islendingar fekk vera elevar på Stend jordbruksskule, og saman med den islandske sjølvstendeforkjemparen Jón Sigurðsson skipa han Det Islandske Handelssamlag i Bergen. Vestmannalaget hadde òg medlemmer på Island.

Henrik Krohn sin gravstein i Sogndal.

Bibliografi

Bøker

  • 1909 – Skrifter : med fyreord av Kristofer Janson ; utgjevne av Vestmannalaget (Bergen: Vestmannalaget) Tilgjengeleg i bokhylla.no

I tidsskrift – eit utval

Kjelder

Bakgrunnsstoff

  • Johannes Gjerdåker: Føreord i forteljinga Ei liti ferd fraa Sogndal til Fjerland (1868), Oslo 2002: Nynorsk Antikvariat. ISBN 82-996316-0-2
  • Jostein Krokvik: Henrik Krohn : 1826-1879 : bergensar og sogndøl, bladmann og diktar, fyrstikkemakar, hagemann, kulturbyggjar, Bergen 2002: Norsk Bokreidingslag. ISBN 82-7834-023-4
  • Om Henrik Krohn i Lokalhistoriske artiklar Sogn og Fjordane
  • Tidsskrift. Nummer 26. Utgjeve av Historielaget for Sogn. Dikting og diktarar frå Sogn. Ved Andreas Bjørkum og Jarle Bondevik Kaupanger : Historielaget, 1978

Teksten er henta frå Wikipedia, lisensiert under CC-BT-SA