Henrik  Angell
string(19) "Oberst_Angell_I.jpg" string(15) "Oberst_Angell_I"

Henrik Angell

Oberst Henrik Angell. Foto: Jan-Tore Egge.

Henrik August Angell (fødd 22. august 1861 i Luster, død 26. januar 1922) var ein norsk offiser, eventyrar, skipionér og forfattar.

Militær karriere

Angell vart offiser 1882, tenestegjorde ei tid i generalstaben og tok generalstabseksamen i 1898. Han vart major og bataljonssjef i infanteriet i 1910, og oberst og regimentsjef i 1911.

Han var på fleire stipendreiser på Balkan i 1912 og 1914 for å studere fri-skarenes bruk i Balkankrigen. Før dette hadde han eit lengre opphald i Montenegro frå 1897 og studerte krigen der.

I 1918 gjekk han av som norsk offiser for å delta på fransk side i krigen. Han vart løytnant i Fremmedlegionen og deltok først ei kort tid på vestfronten. Seinare i krigen mot bolsjevikane i Nord-Russland, der han på «kvit» side fekk kraftige forfrysningar og måtte amputere – dette tok til slutt livet hans.

Idrett

Same året (1884) som Fridtjof Nansen gjekk på ski frå Bergen til Kristiania gjekk Angell også over fjellet på ski.

På oppdrag frå prins Nikola I av Montenegro fekk han i gang landets første skiskule, og blir rekna som grunnleggjar av skisporten i Montenegro. Han medverka også til at den første skiskulen i dei franske Alpene vart skipa (1903). Angell var medlem av den internasjonale olympiske komité frå 1905 til 1907.

Heidersteikn

Angell vart tildelt ei rad ordenar og heidersteikn for sitt arbeid.[1] I 1903 vart han tildelt 1. klasse av den norske Medaljen for edel dåd. Han vart dekorert med 4. klasse av den montenegrinske Danilo Is orden, 2. klasse av den serbiske Sankt Savas orden og 3. klasse av den osmanske Mecidi-ordenen. Han vart også ridder av 1. klasse av den svenske Sverdordenen og til ridder av den danske Dannebrogordenen. Angell var offiser av den greske Frelserens orden og ridder av den franske Æreslegionen. I Frankrike vart han også utnemnt til officier des académies.

Bibliografi

Bøker

  • 1905 – Fortællinger fra grænsevagten 1905 (Kristiania: Aschehoug)
  • 1906 – Stene som taler : billeder og skildringer fra Norges gamles fæstninger (Kristiania: Aschehoug) Tilgjengeleg i bokhylla.no  [Av Severin Segelcke og Henrik Angell]
  • 1908 – Vikinger og skrællinger paa Bygdø : skrevet med blod og tegnet med blæk av vikingen Leiv Hugleikson litle da han var tretten somre gammel (Kristiania: Aschehoug) Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 1912 – Skottetoget : et 300 aars minde 1612-1912 (Kristiania: Aschehoug)
  • 1914 – Naar et lidet folk kjæmper for livet : serbiske soldaterfortællinger (Kristiania: Aschehoug) Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 1914 – Syvaars-krigen fra den 17. mai 1807–1814 (Kristiania: Aschehoug) Tilgjengeleg i bokhylla.no  [Illustrasjonar av Andreas Schelven Schroeter Bloch]

I tidsskrift – eit utval

Kjelder

  1. Norges statskalender for året 1919, efter offentlig foranstaltning redigeret af B. Rolsted, Kristiania: forlagt av H. Aschehoug & Co. (W. Nygaard), 1919, sp. 838 og 1271.

Bakgrunnsstoff

Teksten er henta frå Wikipedia, lisensiert under CC-BT-SA