Heidi Hattestein (fødd 1976) er ein norsk frilansfotograf og -skribent.

Hattestein vaks opp på Atløy i Askvoll kommune og har heile verda som arbeidsplass. Ho har mellom anna gitt ut den alternative reiseboka om Sør-Amerika Til høgre for Machu Picchu og den illustrerte eventyrboka Jorunn i Alden.

Hattestein og Marit Bendz vart kåra til Årets frilans 2008 av Norsk Journalistlag/Frilansjournalistene, ifølge juryen fordi dei «har et blikk for saker som medie-Norge vanligvis ikke ser».

Bibliografi

Bøker

  • 2008 – Til høgre for Machu Picchu (Førde: Penna) . ISBN 978-82-8212-003-6  [Foto: Heidi Hattestein og Frode Nordeide]
  • 2010 – Jorunn i Alden (Bulandet: Temaparken Bulandet) . ISBN 978-82-303-1666-5  [Illustratør Kristin Nikøy ; byggjer på: Jorunn i Alda : segner / Paul Gerhard Fismen]
  • 2011 – Førdefestivalen (Leikanger: Skald) . ISBN 978-82-7959-164-1  [Av Marit Bendz, Heidi Hattestein]

I bøker – eit utval

  • 2014 – Ete fysst : 18 forteljingar om Sunnfjord (Førde: Selja) . ISBN 978-82-8240-086-2  [Av innhaldet: Sunnjord er ein ganske patriotisk plass / Heidi Hattestein, s. 16-22]

Kjelder

Teksten er henta frå Wikipedia, lisensiert under CC-BT-SA