Hans  Sande

Hans Sande

Fødd: 20. desember 1946 (71 år) Bergen

Yrke: Psykiatar, forfattar

Periode: 1969 –

Ektefelle: Brit Steinsvik

Debut: Strime

Nettstad: www.hans-sande.com/

Hans Sande (fødd 20. desember 1946 i Bergen)[1] er ein norsk forfattar. Han er utdanna lege med psykiatri som spesialfelt.

Karriere

Hans Sande i samtale med Bjørn Arild Ersland

Foto: Bergen Offentlige Bibliotek

Hans Sande debuterte i 1969 med diktsamlinga Strime, som han fekk Tarjei Vesaas» debutantpris for. Han har skrive 40 bøker, både romanar, diktsamlinger og ei rad bøker for barn og ungdom, som oftast på nynorsk. Sande har motteke fleire prisar for bøkene sine og er omsett til fleire språk.

Som biletkunstnar har han illustrert fleire av barnebøkene sine. I 2007 kom han med på Vestlandsutstillinga med fotografiet Snøliv, og same år synte han to skulpturutstillingar: Brest i bringo, torsoar i tre og metall, i Galleri Giga i Leirvik og Kjælne kjevler og tomme hender, treskulpturar, ved Galleri G Guddal i Rosendal.

I 2011 gav han saman med illustratøren Silje Granhaug ut biletboka Pappa er sjørøvar. Boka handlar om Tuva og far hennar, som røvar ein sjø i Finland og køyrer vatnet til ein flyktningleir i Palestina.[2] Den israelske ambassaden i Oslo sende klagebrev til Utanriksdepartementet om boka.[3] Sidan sende ambassadøren også klagebrev til kulturministeren.[4]

Hans Sande bur i Førde i Sunnfjord.

Bibliografi

Bøker for vaksne

  • 1992 – Det hjertet som vi har, som og er kjøtt : roman (Oslo: Gyldendal) . ISBN 82-05-20644-9 I fulltekst ved nb.no
  • 2001 – Sprekk : roman (Oslo: Gyldendal) . ISBN 82-05-29746-0
  • 2003 – Hundar i mørkret : noveller (Oslo: Gyldendal) . ISBN 82-05-32305-4
  • 2007 – Gjer deg mjuk. Smyg deg inn : dikt (Oslo: Gyldendal) . ISBN 978-82-05-37580-2
  • 2008 – Kjælne kjevler og tomme hender : samspelet mellom menneske og kjevler i fortid og samtid (Førde: Penna) . ISBN 978-82-8212-006-7
  • 2009 – Slepe rundt på døde dyr : roman (Oslo: Gyldendal) . ISBN 978-82-05-39524-4
  • 2012 – I dag såg eg to spadar (Førde: Selja) . ISBN 978-82-8240-053-4
  • 2015 – Kunsten å somle : dikt (Oslo: Gyldendal) . ISBN 978-82-05-48791-8
  • 2016 – Skogkyss : dikt (Oslo: Gyldendal) . ISBN 978-82-05-49704-7

Bøker for barn og ungdom

  • 1972 – Lita grøn grasbok (Oslo: Samlaget) . ISBN 82-521-0114-3 I fulltekst ved nb.no  [Utg. under psevdonyment Rasmus Lie ; teikna av Tonje Strøm Aas]
  • 1974 – Barn i byen (Oslo: Samlaget) . ISBN 82-521-0304-9 I fulltekst ved nb.no  [Illustrert av Gro Fraas]
  • 1977 – Trastedikt (Oslo: Gyldendal) . ISBN 82-05-10700-9 I fulltekst ved nb.no  [Utg. under psevdonyment Rasmus Lie ; teikningar Olav Hagen]
  • 1983 – Prinsesse Bertas blanda drops (Oslo: Gyldendal) . ISBN 82-05-14750-7 I fulltekst ved nb.no  [Teikningar av Thore Hansen]
  • 1984 – Plommetreet (Oslo: Gyldendal) . ISBN 82-05-15369-8 I fulltekst ved nb.no  [Teikningar av Olav Hagen]
  • 1985 – Vaksen kar rir ut i rim : dikt for ungar (Oslo: Gyldendal) . ISBN 82-05-16439-8 I fulltekst ved nb.no  [Teikningar av Olav Hagen]
  • 1988 – Den dagen det regna kattungar (Oslo: Gyldendal) . ISBN 82-05-17571-3 I fulltekst ved nb.no  [Illustrasjonar Ingunn van Etten]
  • 1991 – Kneip (Oslo: Damm) . ISBN 82-517-7789-5 I fulltekst ved nb.no  [Teikningar av Harald Nordberg]
  • 1991 – Sprettert og eg (Oslo: Gyldendal) . ISBN 82-05-18829-7 I fulltekst ved nb.no  [Illustrasjonar Ingunn van Etten]
  • 1992 – Fiskepuddingen Pim på nye sprell (Oslo: Gyldendal) . ISBN 82-05-20654-6 I fulltekst ved nb.no  [Illustrert av Olav Hagen]
  • 1993 – Prinsen på erta og andre urolegeg nattpattedyr : noveller (Oslo: Gyldendal) . ISBN 82-05-21859-5 I fulltekst ved nb.no
  • 1995 – Kyss ein bananfrosk! : dikt (Oslo: Damm) . ISBN 82-517-9662-8 I fulltekst ved nb.no  [Teikningar av Harald Nordberg]
  • 1997 – Nattbarnehagen (Oslo: Gyldendal Tiden) . ISBN 82-478-0127-2 I fulltekst ved nb.no  [Illustrasjoner: Judith Allen]
  • 1998 – Oldemor ligg i fryseren. Blip (Oslo: Gyldendal Tiden) . ISBN 82-478-0441-7 I fulltekst ved nb.no
  • 1998 – Elefantevangeliet (Oslo: Gyldendal Tiden) . ISBN 82-478-0224-4 I fulltekst ved nb.no  [Illustrasjonar: Akin Düzakin]
  • 2000 – Arkimedes og brødskiva (Oslo: Gyldendal Tiden) . ISBN 82-478-0583-9 I fulltekst ved nb.no  [Illustrert av Gry Moursund]
  • 2001 – Fuglejenta (Oslo: Gyldendal Tiden) . ISBN 82-05-29508-5  [Illustrert av Harald Nordberg]
  • 2002 – Arkimedes og rulletrappa (Oslo: Gyldendal Tiden) . ISBN 82-05-30308-8  [Illustrert av Gry Moursund]
  • 2002 – Eline og ulven (Oslo: Damm) . ISBN 82-496-0401-6  [Teikningar av Lars Aurtande]
  • 2003 – Frosken (Oslo: Gyldendal) . ISBN 82-05-31085-8  [Illustrert av Gry Moursund]
  • 2004 – Smygar : noveller (Oslo: Gyldendal) . ISBN 82-05-33347-5
  • 2006 – Arkimedes i Prompeland (Oslo: Gyldendal) . ISBN 82-05-34417-5  [Illustrert av Gry Moursund]
  • 2006 – Svart kalv @ kvit snø : e-postroman (Oslo: Damm) . ISBN 82-04-11646-2  [Illustrert av Per Dybvig]
  • 2007 – Slangen i graset (Oslo: Gyldendal) . ISBN 978-82-05-37234-4  [Illustrert av Gry Moursund]
  • 2008 – Då eg kom heim, var hesten borte (Oslo: Cappelen Damm) . ISBN 978-82-04-14358-7  [Illustrert av Wenche Øyen]
  • 2009 – Er du blind i dag, Elise? (Oslo: Cappelen Damm) . ISBN 978-82-02-29474-8  [Teikningar av Åshild Irgens]
  • 2009 – Heilt konge : dikt for unge og galne (Oslo: Gyldendal) . ISBN 978-82-05-38997-7
  • 2010 – Hopp i havet, Elise! (Oslo: Cappelen Damm)  [Teikna av Åshild Irgens]
  • 2011 – Pappa er sjørøvar (Oslo: Cappelen Damm) . ISBN 978-82-02-33236-5  [Illustrert av Silje Granhaug]
  • 2012 – Arkimedes og anøballen (Oslo: Gyldendal) . ISBN 978-82-05-42271-1  [Illustrert av Stina Langlo Ørdal]
  • 2012 – Lars på Mars (Oslo: Cappelen Damm) . ISBN 978-82-02-36568-4  [Teikna av Eivind Gulliksen]
  • 2013 – Blå øger kan isje lyge : roman (Oslo: Cappelen Damm) . ISBN 978-82-02-41383-5
  • 2014 – Forelska i Feisbukk (Oslo: Cappelen Damm) . ISBN 978-82-02-43652-0  [Illustrert av Per Dybvig]

I bøker – eit utval

  • 1984 – Grøss : noveller for ungdom (Oslo: Gyldendal) . ISBN 82-05-15396-5 I fulltekst ved nb.no  [Av innhaldet: Dikt av Hans Sande, s. 77-79]
  • 1985 – Dikt for deg og andre barn (Oslo: Samlaget) . ISBN 82-521-2494-1 I fulltekst ved nb.no  [Av innhaldet: Dikt av Hans Sande, s. 102-107]
  • 1986 – Folk flest trur ikkje på fuglar : fantastiske forteljingar (Larvik: Norsk barneblad) . ISBN 82-7095-112-9 I fulltekst ved nb.no  [Av innhaldet: Skinndaud / Hans Sande, s. 142-148]
  • 1990 – Ord gjennom år : dikting og diktarar frå Sunnfjord og Nordfjord 1700-1986 : med bibliografi : ein antologi (Naustdal: Sogn og Fjordane Forlag) . ISBN 82-90576-13-7 I fulltekst ved nb.no  [Av innhaldet: Dikt av Hans Sande, s. 174-175]
  • 1992 – Min tøysebok (Oslo: Damm) . ISBN 82-517-7821-2 I fulltekst ved nb.no  [Av innhaldet: Ønskjeliste / Hans Sande, s. 80-81]
  • 1994 – Kjærlighet : noveller for ungdom (Oslo: Gyldendal) . ISBN 82-05-15397-3 I fulltekst ved nb.no  [Av innhaldet: Frost og snedig måtte fly / Hans Sande, s. 143-148]
  • 1997 – Når halen er god : ein antologi ved norske barne- og ungdomsbokforfattarar (Oslo: Samlaget) . ISBN 82-521-5001-2 I fulltekst ved nb.no  [Av innhaldet: Den rette guden / Hans Sande, s. 166-173]
  • 1998 – Labyrinter (Oslo: Gyldendal Tiden) . ISBN 82-478-0157-4 I fulltekst ved nb.no  [Av innhaldet: Din for evig / Hans Sande, s. 19-23]
  • 2003 – Barnebokskatten : nynorsk dikting for barn gjennom 120 år. 3. Dikt og biletbøker (Oslo: Samlaget) . ISBN 82-521-5806-4  [Av innhaldet: Dikt av Hans Sande]
  • 2008 – Les for meg! (Oslo: Samlaget) . ISBN 978-82-521-7179-2  [Av innhaldet: Arkimedes og brødskiva / Hans Sande]
  • 2010 – Her er so fagert ved høge lid : diktning og diktarar frå Naustdal og Vevring (Naustdal: Naustdal sogelag) . ISBN 978-82-91462-06-6  [Av innhaldet: Saft / Hans Sande, s. 107-109]
  • 2011 – Jeg fant, jeg fant! : dikt for barn (Oslo: Gyldendal) . ISBN 978-82-05-41674-1  [Av innhaldet: Jada / Hans Sande]
  • 2014 – Ete fysst : 18 forteljingar om Sunnfjord (Førde: Selja) . ISBN 978-82-8240-086-2  [Av innhaldet: Julefeiring på Mars / Hans Sande]
  • 2015 – Ren poesi (Oslo: Cappelen Damm) . ISBN 978-82-02-48625-9  [Av innhaldet: Tomt, heilt tomt / Hans Sande]

Dramatikk

  • Hyttekoz 2009

Prisar (utval)

  • Tarjei Vesaas» debutantpris 1969 for Strime
  • Kulturdepartementets biletbokpris 1985 for Plommetreet (saman med illustratøren Olav Hagen)
  • Blixprisen 1993
  • Kulturdepartementets biletbokpris 2000 for Archimedes og brødskiva (saman med illustratøren Gry Moursund)
  • Nynorsk Barnelitteraturpris 2002 for Arkimedes og rulletrappa

Referansar

  1. ««Hans Sande (20.12.1946)»». forfatterkatalogen.no (Norsk forfattersentrum). Henta 4. juli 2016. 
  2. Linn T. Sunne (11. juni 2011). «HANS SANDE og SILJE GRANHAUG: Pappa er sjørøvar». Oppland Arbeiderblad. 
  3. «Barnebok får den israelske ambassaden til å sjå raudt». nrk.no. 22. september 2011. 
  4. Israel raser over støtte til bok. nrk.no 3. desember 2011

Bakgrunnsstoff

Teksten er henta frå Wikipedia, lisensiert under CC-BT-SA