Hans H. Thyri

Fødd: 1936 Lærdal

Hans H. Thyri (fødd 1936) er ein norsk lærar, rektor og forfattar. Han vart fødd i Erdal i Lærdal kommune, og busette seg seinare i Hallingdal. Han flytta tilbake til Lærdal då han vart pensjonist.

Thyri har høgare utdanning i landbruk og samfunnsfag, og han var førsteamanuensis ved Norges landbrukshøgskole, rektor ved Lien landbruksskole i Hallingdal og ved Buskerud videregående skole.

Bibliografi

Bøker

  • 1975 – Øvingshefte i gartnarfag for grunnkurs : Landbruksøkonomi. Planteproduksjon. Anleggsgartnarfag. Landbruksteknikk (Oslo: Landbruksforlaget)
  • 1977 – 50-års jubileumsberetning for Honningcentralen A/L (Oslo: Honningcentralen) Tilgjengeleg i bokhylla.no  [Medforfattar: Ruth M. Herberg]
  • 2005 – Sogn Jord- og Hagebruksskule : frå potetprest til økoskule (Førde: Selja Forlag) . ISBN 82-91722-53-6
  • 2006 – Aurlandsvegen (Leikanger: Skald Forlag) . ISBN 82-7959-077-3
  • 2008 – Aurlandsdalen : frå Vidda til Vangen (Leikanger: Skald Forlag) . ISBN 978-82-7959-130-6
  • 2009 – Livskraft : Lærdal energi 1934-2009 (Førde: Selja Forlag) . ISBN 978-82-82400-05-3  [Medforfattar: Lærdal energiverk]
  • 2011 – Utladalen og fjella omkring : natur, folk og fortid (Lærdal) . ISBN 978-82-303-1752-5  [Foto: Richard Brunsvold]
  • 2013 – Gras og grøde : slåttonn i bratte bakkar – om folk og arbeid på garden Tøri i Erdal attende til 1930-talet (Lærdal: Eige forlag) . ISBN 978-82-999395-0-8
  • 2016 – Kjærleikens fjellreise : soga om Mette Stødno og Eivind Villand (Lærdal: Eige forlag)  [Illustrert av Borghild Kristin Thyri]

I tidsskrift – eit utval

Kjelder

Teksten er henta frå Wikipedia, lisensiert under CC-BT-SA