Haldor Monsson Hamarsvik

Fødd: 1799 Selje i Nordfjord

Død: 23.februar 1822 Selje

Debut: Sjelens sjungende Harpe (1835 )

Haldor Monsson Hamarsvik (1799–23. februar 1822) var fiskar, bonde og diktar frå Selje kommune i Nordfjord i Sogn og Fjordane.

Boka Sjelens sjungende Harpe, ei samling av salmar og religiøse tekstar Monsson Hamarsvik dikta, vart utgjeven posthumt i 1835 av vennen og omgangsskulelærar Peder Pederson Hamarsvik (1793-1849).[1] Utgjevinga innheld 19 songar og er på 61 sider, og i ei innleiing Haldor Monsson Hamarsvik skreiv med tanke på publisering seier han mellom anna at tekstane er meint å «forlyste»[2] allmugen.

Enkelte stadar i Selje og nabobygdene vart tekstar i boka nytta i husandakta, og det er kjent at utgjevinga til Haldor Monsson Hamarsvik var godt utbreitt i dette området.[3]

Tema i songane, skreiv Haldor Monsson Hamarsvik, er «Om Syndens Bekjendelse», «At foragte det Jordiske og tragte efter det Himmelske», «Om Verdens Forfængelighed og Ubestandhighed» og liknande religiøse emne.[4] Tekstane vart tonesett med melodiar godt etablerte frå før i den norske salmeheimen.

«At foragte det jordiske», «Til løgnagtige Munde» og «En Julesang» er døme på tre songtitlar av Monsson Hamarsvik. Alle songane hadde mellom to til 18 strofer.[5]

Haldor Monsson Hamarsvik omkom på sjøen under fiske på fjorden utafor Skårbø i Selje.[6][7]

Bibliografi

  • 1835 – Sjelens sjungende Harpe : indeholdende nogle aandelige Sange, forfattede af Haldor Monsson Hammersvig. Nu efter Forfatterens Død til Trykken bekostet af nogle af hans efterladte Venner, ved Peder Pedersen Hammersvig. (Volda: R. Aarflots Bogtrykkerie, Aarflots prenteverk)  [Andre opplag prenta hos M. A. Aarflot prenteverk i Volda i 1855 og utgitt på Knud J. Ækrems Forlag, 46 sider[8]]

Kjelder

Referansar

  1. Djupedal 2009, side 263
  2. Djupedal 2009, side 267
  3. Sudmann, Norsk allkunnebok 1953, side 743
  4. Djupedal 2009, side 267
  5. Djupedal 2009, side 267-269
  6. Djupedal 2009, side 263
  7. Sudmann, Norsk allkunnebok 1953, side 743
  8. Djupedal 2009, side 262 og Fet 2003, side 120, 204

Bakgrunnsstoff

Teksten er henta frå Wikipedia, lisensiert under CC-BT-SA