Gunnar  Urtegaard
string(20) "Gunnar_Urtegaard.jpg" string(16) "Gunnar_Urtegaard"

Gunnar Urtegaard

Fødd: 1952 Balestrand

Gunnar Urtegaard (fødd 1952) er ein norsk historikar og forfattar. Han er frå Balestrand. Urtegaard er utdanna cand. phil. Han var leiar av Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane frå starten i 1983 til 2001, då han tok permisjon for å arbeide i eit privat firma. Urtegaard satsa sterkt på internett-baserte tenester frå Fylkesarkivet, og data-basane til Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane har danna modell for andre.

Urtegaard var medlem av edb-utvalet til Norsk lokalhistorisk institutt, Norsk Kunst- og Kulturhistoriske Museers edb-utval, leiar i Landslaget for lokal- og privatarkiv. I 2007 fekk han mellombels engasjement som prosjektleiar for utvikling av nettbasert kultur- og kunnskapsformidling på regionalt, nasjonalt og internasjonalt nivå. Same året vart han avdelingsdirektør i Statens senter for Arkiv, Bibliotek og Muséum (ABM-utvikling) i Oslo. Frå 2011 til 2013 var Urtegaard seksjonssjef i Norsk Kulturråd og frå 2013 til 2015 avdelingsdirektør i Riksarkivet i Oslo.

I 2015 vart han fagdirektør i Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi).

Urtegaard har som lokalhistorikar m.a. skrive bygdebok II for Balestrand og skulesoga for kommunen.

Bibliografi

Bøker

  • 1979 – Balestrand Idrettslag 50 år : 1929-1979 (Sogndal: Sogne-Prent)
  • 1980 – Jordbruksdrift og sosial lagdeling i Balestrand frå 1500 til 1865 (Bergen: Universitetet)  [Hovudoppgåve i historie ved Universitetet i Bergen, hausten 1980]
  • 1983 – Høyanger vidaregåande skule 50 år (Høyanger: Høyanger vidaregåande skule)  [Omslagstittel: Frå Kyrkjebø 2-årige fagskole 1933 til Høyanger vidaregåande skule 1983]
  • 1984 – Munnlege kjelder i gards- og ættesoger : innsamling av stofftilfang (Kaupanger: Sogn og Fjordane fylkeskommune)  [Over tittelen: Frå Sogn og Fjordane-arkivet lokalhistorisk kjeldesamling 1984]
  • 1984 – Notat om Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane (Kaupanger: G. Urtegaard)
  • 1985 – Balestrand. Bind 1. Ættesoge : Tjugum sokn til ca. 1900. Fjærland sokn til ca. 1900. Kvamsøy sokn til 1985 (Balestrand: Balestrand kommune)  [Av Jon Laberg, Olav Hoprekstad, Olav Lunden, Gunnar Urtegaard]
  • 1988 – Plan for etablering av Vestnorsk reiselivsmuseum (Kaupanger: Sogn og Fjordane fylkeskommune)  [Utarbeidd av Olav Aaraas, Gøran Rosander, Gunnar Urtegaard]
  • 1991 – Balestrand. Bind 2. Gards- og ættesoge : gard nr. 1-34 : gardssoger 1800-1985 : ættesoger 1850-1985 (Balestrand: Balestrand kommune) . ISBN 82-992403-0-1 Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 199? – Soga om grunnskulen 1739-1989 : Balestrand kommune (Balestrand: Balestrand kommune)  [Av Gunnar Urtegaard, Bjørn Bering, Hermund Kleppa]
  • 1999 – Kulturhistorisk atlas og leksikon for Sogn og Fjordane : førebels liste over prioriterte kulturminne (18.6.1999) (Leikanger: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane)  [Av Gunnar Urtegaard, Hermund Kleppa]
  • 2000 – Orientering og rettleiing for forfattarar til Kulturhistorisk atlas-leksikon for Sogn og Fjordane (Leikanger: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane)  [På omslaget: Rettleiing til forfattarane]

I bøker – eit utval

  • 2010 – Tankerekkjer : festskrift til Johs. B. Thue – 70 år (Leikanger: Skald) . ISBN 978-82-7959-140-5  [Red.: Aage Engesæter, Jan Inge Fardal, Lars Nes. Av innhaldet: Internett som lokalhistorisk nærbutikk / Gunnar Urtegaard]

I tidsskrift – eit utval

Kjelder

Teksten er henta frå Wikipedia, lisensiert under CC-BT-SA