Gunnar  Garfors
string(17) "Gunnargarfors.jpg" string(13) "Gunnargarfors"

Gunnar Garfors

Fødd: 29. mai 1975 (42 år) Hammerfest

Yrke: journalist, rådgjevar, forfattar

Nettstad: garfors.com

Gunnar Magne Garfors (fødd 29. mai 1975 i Hammerfest) er ein norsk journalist, mediaekspert, forfattar og globetrotter. Han har arbeidd med kringkasting og nye medium sidan 2001 og har halde relevante presentasjonar i over 20 land.[1] Han fokuserer sterkt på kor viktig det er med kringkasting som distribusjonsform, i tillegg til internett.[2]

Han har vitja alle verdas land [1] og er verdas yngste som har gjort det ved sidan av full jobb.[3] 18. juni, 2012 sette han ein Guinness-rekord saman med britiske Adrian Butterworth då dei som verdas første vitja fem verdsdelar på eit døgn.[4][5][6] I september 2014 sette Garfors ny verdsrekord då han saman med venene Øystein Djupvik og Tay-young Pak var innom 19 land på 24 timar.[7]

Garfors arbeider som distribusjonsrådgjevar i NRK i Oslo og leier den internasjonale radio- og TV-organisasjonen International DMB Advancement Group (IDAG). Han sat óg eitt år som nestsjef i EBU si ekspertgruppe innan mobile tenester i 2008 og 2009.[8] Garfors var dagleg leiar for Norges mobil-TV AS i 2008-2013. Selskapet var først i Europa til å lansere mobil-TV.sendingar via DMB i 2009.[9][10][11][12][13] Garfors skriv også om media og reise på sin eigen blogg, garfors.com.[14]

Han gav ut 198. Mi reise til alle verdas land, si første bok, på Samlaget i september 2014.[15] I samband med boklanseringa vitja Gunnar Garfors alle Noregs fylke på eit døgn i lag med bror sin Øystein. Dei skal vere dei første som har klart dette.[16] Han var éin av 18 forfattarar av Ete fysst på Selja Forlag som kom ut i oktober 2014.[17] Garfors har vidare fått artiklar publiserte i Afghanistan, Brasil, Tyskland, Storbritannia og USA.[18][19][20][21][22] I tillegg skriv han ei fast reisespalte i den japanske avisa Mainichi Weekly.[23]

Biografi

Garfors er eldst av sju born. Han vart fødd i Hammerfest men flytta tidleg til Naustdal i Sunnfjord der han vaks opp med mora Ruth Berit Stensletten Garfors, faren Reidar Magne Garfors og sine seks søsken. Han har også budd i Havøysund, Førde, Dublin, Falmouth, København og Taipei. No bur han i Oslo.[14]

Han spelte fotball for Førde IL i norsk 2. og 3. divisjon på 90-talet og vart lagets toppskårar to sesongar. Garfors spela óg for Falmouth Town i 1995-98 og trente med Plymouth Argyle i engelsk 2. divisjon saman med Kai Kilnes i 1996.[14]

Bibliografi

Bøker

  • 2014 – 198 : mi reise til alle verdas land (Oslo: Samlaget) . ISBN 978-82-521-8458-7

I bøker – eit utval

  • 2014 – Ete fysst : 18 forteljingar om Sunnfjord (Førde: Selja) . ISBN 978-82-8240-086-2  [Av innhaldet: Vi sunnfjordingar / Gunnar Garfors, s. 138-145]

Fotnotar

  1. 1,01,1 Gonsholt Simen V. «I dag er Gunnars livsverk komplett», Dagens Næringsliv, Oslo, May 10, 2013.
  2. Radiodays Europe 2012 «Presentation slides», Slideshare, Barcelona Marc 20, 2012
  3. Luigi, Patricia and Roger. 365 Destinations, Guaratuba, October 6, 2103 ]
  4. Driver, Carol. «Record breakers! Travellers make history by visiting FIVE continents in ONE day», The Daily Mail, London, March 21, 2014.
  5. Wong, Hiufu. «How to travel five continents in one day», CNN, Hong Kong, June 29, 2012.
  6. Staff writer. «Friends film visit to five continents in one day», BBC, Dorset, July 2, 2012.
  7. Berg, Marthe. «Nå har de satt verdensrekord!»
  8. Doyle James. Mobile TV World, London, October 4, 2012.
  9. Valmot, Odd Richard. «Seks kanaler i lomma i dag», Teknisk Ukeblad, Oslo, May 15, 2009.
  10. Briel, Robert. «Norway launches mobile TV via DMB», Broadband TV News. London, May 18, 2009.
  11. Baugerød Stokke, Ole Petter. «Gir nordmenn tv på do», Computerworld. Oslo, November 10, 2009.
  12. Børringbo, Klaus. «Klart for mobil-tv i april», Aftenposten. Oslo, January 13. 2009.
  13. Weiby, Hans Erik Weiby and Slydal Johansen, Glenn. «Se NRK hvor som helst – på mini-tv», Norwegian Broadcasting Corporation. Oslo, May 15, 2009.
  14. 14,014,114,2 Garfors, Gunnar. «Gunnar Garfors Biography», garfors.com, Oslo, January 1, 2013.
  15. Stadheim, Ivar. «Fem kontinent på ein dag – no er han i Guinness rekordbok», Firda. Førde, March 19, 2014.
  16. Valaker, Jon. «De rakk 19 fylker på en dag», Bergens Tidende. Bergen, 17. september, 2014.
  17. Selja Forlag «Ete fysst – 18 forteljingar om Sunnfjord», Selja Forlag. Førde, 2014.
  18. Garfors, Gunnar. Afghanistan Scene. Afghanistan, June 7, 2012.
  19. Garfors, Gunnar. «Os paÌses menos visitados do mundo», Gabriel Quer Viajar. Brazil, June 3, 2012.
  20. Garfors, Gunnar. «DIE FÜNF UNZUGÄNGLICHSTEN LÄNDER», Capital. Germany, June 13, 2013.
  21. Garfors, Gunnar. «So you think it is only radio», Eureka. London, September 5, 2013.
  22. Garfors, Gunnar. «Gunnar Garfors», Business Insider. USA, 2013.
  23. Garfors, Gunnar. Mainichi Weekly, sidene 8-9. Japan, April 19, 2014

Bakgrunnsstoff


Teksten er henta frå Wikipedia, lisensiert under CC-BT-SA