Gudmund Balvoll (fødd 1934) er ein norsk professor i hagebruk, historikar og forfattar. Han er fødd i Vik, og busett i Tønsberg. Balvoll vart Dr. scient. ved Norges Landbrukshøgskole 1969, han var fylkesgartnar i Buskerud og Vestfold 1970-1986, informasjonssjef i Plantevern-Kjemi 1986-1989 og professor ved Institutt for plantefag ved NLH 1990-1999.

Han har gjeve ut ei rad lærebøker i yrkeshagebruk – om grønsakdyrking på friland, gjødsling, lagring av grønsaker m.m.

Som historikar har Balvoll mellom anna gjeve ut kommentarutgåver av eldre bøker i hagebruk: Kommentarutgåve 1994 av Horticultura frå 1694, kommentarutgåve 1995 av Norsk Frukt og Urtehagebok frå 1765.

I 1996 gav han ut biografien om hagebrukspionéren Apollonius Liljedahl, og i 2001 Jordbruket i Vik fram til 1950. Han har også gitt ut gards- og ættesoge for Vik kommune.

Bibliografi

Bøker

  • 1976 – Grønnsakdyrking på friland (Oslo: Landbruksforlaget) . ISBN 82-529-0151-4 Tilgjengeleg i bokhylla.no  [Av: Ola Bjelland og Gudmund Balvoll]
  • 1981 – Vekst og utvikling av grønnsaker (Oslo: Landbruksforlaget) . ISBN 82-529-0473-4 Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 1983 – Grunnlaget for rett gjødsling og kalking (Oslo: Landbruksforlaget) . ISBN 82-529-0631-1
  • 1984 – Grønnsakdyrking på friland (Oslo: Landbruksforlaget) . ISBN 82-529-0673-7 Tilgjengeleg i bokhylla.no  [3. utgåve]
  • 1985 – Lager og lagring : grønnsaker og poteter (Oslo: Landbruksforlaget) . ISBN 82-529-1104-8 Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 1986 – Åkerugras (Rygge: Plantevern-kjemi) Tilgjengeleg i bokhylla.no  [Nynorsk]
  • 1991 – Åkerugras (Rygge: Plantevern-kjemi) Tilgjengeleg i bokhylla.no  [Bokmål]
  • 1994 – Horticultura : norsk hagebok frå 1694 (Oslo: Landbruksforlaget) . ISBN 82-529-1676-7 Tilgjengeleg i bokhylla.no  [Av Christian Gartner ; Kommentarar ved Gudmund Balvoll og Gunnar Weisæth]
  • 1996 – Hagebrukspioneren Apollonius Liliedahl : 1734-1814 ; og Eit bokmanuskript frå 1747 (Vik: Vik lokalhistoriske arkiv) . ISBN 82-993204-4-5 Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 2001 – Jordbruket i Vik fram til 1950 : Arnafjord sokn og Vik (Vik: Vik lokalhistoriske arkiv) . ISBN 82-92245-01-4
  • 2002 – Gards- og ættesoge for Vik i Sogn. Hefte 1. Seljadalen, Ovrisdalen og Bøadalen (Vik: Vik lokalhistoriske arkiv) . ISBN 82-92245-02-2
  • 2003 – Gards- og ættesoge for Vik i Sogn. Hefte 2. Flatbygdi (Vik: Vik lokalhistoriske arkiv) . ISBN 82-92245-05-7
  • 2004 – Gards- og ættesoge for Vik i Sogn. Hefte 3. Vikøyri, Vetleøyri, bustadområde og gardar frå Grov til Limmesand (Vik: Vik lokalhistoriske arkiv) . ISBN 82-92245-07-3
  • 2005 – Gards- og ættesoge for Vik i Sogn. Hefte 4. Arnafjord sokn (Vik: Vik lokalhistoriske arkiv) . ISBN 82-92245-08-1
  • 2006 – Gards- og ættesoge for Vik i Sogn. Hefte 5. Vangsnes sokn med Juvik og Gotevik (Vik: Vik lokalhistoriske arkiv) . ISBN 82-92245-10-3
  • 2008 – Gards- og ættesoge for Vik i Sogn : Vik, Arnafjord, Vangsnes (Vik: Vik lokalhistoriske arkiv) . ISBN 978-82-92245-11-8  [Revidert, oppdatert og utvida utg. av Gards- og ættesoge for Vik i Sogn, hefte 1-5, utg. frå 2002-2006]

I tidsskrift – eit utval

Kjelder

Teksten er henta frå Wikipedia, lisensiert under CC-BT-SA