Gjørol Munthe-Kaas

Fødd: 1893

Død: 1977

Gjørol Munthe-Kaas (1893–1977) var ei norsk husmor og forfattar. Ho vart fødd i Florø, reiste til Stavanger i 1900 og til Kristiania i 1916, der ho busette seg. Ho var redaktør for Norsk Ukeblad i perioden 1933-1936.

Munthe-Kaas debuterte i 1926 med novellesamlinga Blåskjell. Ho gav også ut bøker under pseudonymet Mon Vinge.

Bibliografi

Bøker

  • 1926 – Blåskjell : noveller (Oslo: Fabritius)
  • 1932 – Kjære Lisbet (Oslo: Nasjonalforlaget) Tilgjengeleg i bokhylla.no  [Utg. under pseudonymet Mon Vinge]
  • 1933 – På gjensyn, da! (Oslo: Nasjonalforlaget) Tilgjengeleg i bokhylla.no  [Utg. under pseudonymet Mon Vinge]
  • 1934 – Ingenting er umulig (Oslo: Nasjonalforlaget) Tilgjengeleg i bokhylla.no  [Utg. under pseudonymet Mon Vinge]
  • 1935 – Jomfruen i det grønne (Oslo: Nasjonalforlaget)

I bøker – eit utval

  • 1950 – Yrkeskvinnen (Oslo: Halvorsen & Larsen) Tilgjengeleg i bokhylla.no  [Av innhaldet: Ugift yrkeskvinne med hus / Gjørol Munthe-Kaas]

Kjelder

Teksten er henta frå Wikipedia, lisensiert under CC-BT-SA