Georg  Fredrik  Christopher  Fasting

Georg Fredrik Christopher Fasting

Fødd: 1. januar 1837

Død: 24. oktober 1914 Trondheim

Georg Fredrik Christopher Fasting (1. januar 1837–24. oktober 1914) var ein norsk skulemann og forfattar. Han var fødd i Bergen, oppvaksen på prestegardane i Jostedalen i Luster i 1840-1845, i Jølster frå 1845-1857 og i Førde frå 1857. Han tok artium i 1854 og cand. theol. i 1860. Han var lærar på Aars & Voss skole frå 1864, Tanks skole frå 1869, styrar ved Sarpsborg middelskole 1873-91, Dragefjeldets skole i Bergen 1891-1892 og rektor ved Asker Seminar 1892-1912, som flytta til Holmestrand i 1899. Fasting tok doktorgraden med avhandlinga «Fromheden og elendigheden». Han gav ut ei rad lærebøker og bøker med religiøst innhald. Fasting døydde i Trondheim.

Bibliografi

  • 1861 – Studier over Studenterlivet i Christiania (Christiania: Steensballe) I fulltekst ved nb.no  [Utg. anonymt]
  • 1883 – Fromheden og endeligheden : afhandling for den filosofiske doktorgrad (Kristiania: Cammermeyer)
  • 1883 – Til belysning af pietismen : afhandling for den filosofiske doktorgrad (Kristiania: Cammermeyer) I fulltekst ved nb.no
  • 1886 – Et aar blandt de indfødte (Kristiania: Cammermeyer) I fulltekst ved nb.no  [Av Thomas (psevd.)]
  • 1898 – Om samvittigheden, eller Om troens og lærens grund (Kristiania: Aschehoug) I fulltekst ved nb.no
  • 1900 – Gjærende tanker : tildels mod oastor Klaveness o.a. (Kristiania: Aschehoug) I fulltekst ved nb.no
  • 1900 – Sproget og seminarerne (Kristiania: Landbladets trykkeri) I fulltekst ved nb.no  [Norsk rigsmaalsforenings smaaskrifter nr. 5]
  • 1908 – Kristelig barnelærdom (Hamar: Norsk skoletidendes boktrykkeri) I fulltekst ved nb.no  [Tillægshefte til Norsk Skoletidende]
  • 1909 – Opdragelselære (Holmestrand: A. Schrøders bogtrykkeri)  [Trykt som manuskript]
  • 1911 – Prækener holdt for Andreas (Kristiania: Aschehoug)  [Av Thomas (psevd.)]
  • 1912 – «Jeg er saare angst-» : avskedstale av rektor Fasting i Holmestrand 2. juli 1912 (Kristiania: Aschehoug) I fulltekst ved nb.no
  • 1914 – Religionsfrihetens historie : en populær oversigt (Kristiania: Aschehoug) I fulltekst ved nb.no

Kjelder

Bakgrunnsstoff


Teksten er henta frå Wikipedia, lisensiert under CC-BT-SA