Georg Arnestad (fødd 1948) er ein norsk redaktør, sakprosaforfattar og kulturforskar fødd på Rygg i Gloppen kommune og busett i Sogndal.

Arnestad tok artium i språkfag ved Firda vidaregående skule i 1967. Han vart utdanna siviløkonom ved Norges Handelshøyskole (NHH) i 1973, og høgare avdeling i økonomisk historie ved NHH i 1977. Arnestad var vitskapleg assistent ved NHH i åra 1976–1977. Han var deretter konsulent for kulturavdelinga i Kyrkje- og undervisningsdepartementet frå 1978–1981. Han vart forskar og amanuensis ved Sogn og Fjordane distriktshøgskule frå 1981–1987, forskar ved Vestlandsforsking i perioden 1988–1996, med eit års opphald 1991–1992, då han vart utnemnd som spesialrådgjevar for Kulturdepartementet. Han har vore både forskings- og utviklingsleiar og seniorrådgjevar ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.

I perioden 1981–1987 var Arnestad redaktør for tidsskriftet Søkelys på Sogn og Fjordane, og Norsk Kulturårbok Samlaget 1994–1999. Han har vore styreleiar for Sogndal Kulturhus AS.

Bibliografi

Bøker

  • 1977 – Økonomisk utvikling i Gloppen ca. 1860-1910 (Bergen: Norges Handelshøyskole)
  • 1982-1987 – Søkelys på Sogn og Fjordane : eit samfunnsfagleg tidsskrift. ( Sogn og Fjordane distriktshøgskule )  [Redaktørar: Georg Arnestad og Jon Naustdalslid]
  • 1989 – Kultur for regional utvikling : kultursatsing i eit utkantfylke mot slutten av 1980-åra (Sogndal: Vestlandsforskning) . ISBN 82-428-0046-4 Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 1993 – Analyse av organisasjonsstruktur m.v. i Norges sang- og musikkråd (Sogndal: Vestlandsforskning) Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 1994 – Kulturårboka 1994 (Oslo: Norsk kulturråd) . ISBN 9788252143294  [Redaktør Georg Arnestad]
  • 1995 – Kultur- og regionalutvikling (Oslo: Tano) . ISBN 82-518-3362-0  [Georg Arnestad (red.)]
  • 1995 – Kulturårboka 1995 (Oslo: Norsk kulturråd) . ISBN 9788252143294  [Redaktør Georg Arnestad]
  • 1995 – Thalias utpost eller lokalsamfunnets speil? : norsk regionalteaterpolitikk 1970-93 (Sogndal: Vestlandsforsking) . ISBN 8242801150 Tilgjengeleg i bokhylla.no  [Av: Georg Arnestad, Svein Gladsø, Jørgen Langdalen]
  • 1996 – Kulturårboka 1996 (Oslo: Norsk kulturråd) . ISBN 9788252145823  [Redaktør Georg Arnestad]
  • 1997 – Fritidskulturlivet i Norge : ein forstudie (Oslo: Norsk kulturråd) . ISBN 8270810460 Tilgjengeleg i bokhylla.no  [Av: Georg Arnestad og Ove Osland]
  • 1998 – Kulturårboka 1998 (Oslo: Norsk kulturråd) . ISBN 9788252151145  [Redaktørar Georg Arnestad og Kjersti Mjør]
  • 1999 – Den gode lærar? : om det å skrive godt eller å publisere mykje : rapport frå og om eit skrivetreningskurs (Sogndal: Høgskulen i Sogn og Fjordane, Avdeling for lærarutdanning) Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 1999 – Kulturårboka 1999 (Oslo: Norsk kulturråd) . ISBN 9788252153712  [Redaktørar Georg Arnestad og Hilde Sandvik]
  • 2001 – «Men vi skal koma i hug at tradisjonen alltid vert oppløyst og omskapt-» : om folkemusikk og folkedans i det seinmoderne Noreg (Oslo: Norsk kulturråd) . ISBN 82-7081-101-7
  • 2007 – Lidvin : rett og slett (Førde: Selja) . ISBN 978-82-91722-73-3  [Red. Trond Ueland og Georg Arnestad]

I bøker – eit utval

  • 2010 – Tankerekkjer : festskrift til Johs. B. Thue – 70 år (Leikanger: Skald)  [Av innhaldet: Esefjordsild med bokkøl : om spaltisten og essayisten (og lokalpolitikaren) Johs. B. / Georg Arnestad]

I tidsskrift – eit utval

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Teksten er henta frå Wikipedia, lisensiert under CC-BT-SA